Verdidebatt

Saugestads og Knausgårds ansvar

Den etiske kritikken blir skarpare når kritikarane meiner det estetiske ikkje held mål.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

KOMMENTAR: Pliktar kunsten å ha ein etisk dimensjon? Dette er eit av spørsmåla som blir stilte på Litteraturfestivalen på Lillehammer denne veka. Spørsmålet er langt ifrå nytt, men står stadig fram med ny aktualitet. Vi hadde knapt rista av oss Knausgård-debatten, der forfattaren vart trua med søksmål av eigen familie, før debutanten Frode Saugestad skaper nye bølgjer i Litteratur-Noreg. I romanen En ung manns bekjennelser om kjærlighet skriv Saugestad inn oppsiktsvekkande brokkar av tilsynelatande biografi, med eit innhald som er blitt gjenstand både for etisk og estetisk kritikk. Blant anna flettar Saugestad inn saksdokument frå ein rettstvist med den biologiske faren hans. Ektefellen til faren har antyda søksmål. Saugestads mor er skuffa, og søstera hadde helst sett at boka aldri var blitt gjeven ut.

Negativ kritikk. Situasjonen minner om Knausgårds Min kamp, men skil seg likevel frå denne på eit vesentleg punkt: Litteraturkritikarane har i hovudsak vore negative. Strengast var kanskje Aftenpostens Ingunn Økland, som skreiv at Saugestad viser få teikn på litterært talent. Også av andre kritikarar har forfattaren fått så hatten passar. Dei færraste debutantar blir møtt med så hard kritikk, noko som iallfall ber bod om at han blir tatt på alvor. Men den gamle Bodø/Glimt-spelaren Saugestad går i både forsvarsposisjon og angrepsposisjon samtidig når han i eit intervju med Dag og Tid slår attende mot litteraturkritikarane som har meldt boka hans.

Vrir merksemda. I intervjuet seier Saugestad at han hadde ønskt seg en meir kritisk og grunngjeven kritikk. «Eg skulle gjerne ha vorte heilt avkledd som forfattar,» seier han, og lesarar som har følgd meldingane av debutromanen i fleire aviser, kunne saktens spørje seg om det ikkje er nettopp dette som allereie han skjedd. Det finurlege er at Saugestad vrir merksemda frå sitt eige ansvar som forfattar – å skrive ein interessant tekst – til ansvaret som kviler på kritikarane. Dei skal «avsløre alle strukturar i teksten, slik at lesaren får høve til å finne nye rom i ein roman».

Forstår eg Saugestad rett, meiner han at kritikarane har svikta sitt ansvar. Truleg sagt på fleip vil han legge ved ei bruksrettleiing når han skriv si neste bok, der han i setninga før har streka under den enkelte lesars rett til si eiga tolking av romanen. Sjølv understrekar han både at det er ein roman han har skrive, ikkje ein sjølvbiografi, og at det ikkje er hans oppgåve å forklare lesaren kva han har meint med romanen. Det er han, til sams med andre skjønnlitterære forfattarar, i sin fulle rett til.

Etisk kritikk. Det interessante er at kritikarane, slik eg les dei, reagerer sterkare på det etisk problematiske ved Saugestads utleverande prosjekt enn dei reagerte på det etisk problematiske ved Knausgårds Min kamp. No er det ikkje nødvendigvis dei same meldarane som har skrive om Saugestad og Knausgård. Men det kan verke som om den etiske kritikken blir skarpare når kritikarane meiner at det estetiske ikkje held mål.

Geir Gulliksen, som er Knausgårds redaktør, skreiv nyleg eit essay i Morgenbladet der han tok til orde for det private i det offentlege. Enkelt oppsummert hevdar Gulliksen at det viktigaste ikkje er kva du seier, men korleis du seier det. Dette synspunktet har allereie vekt motinnlegg og reaksjonar, men tanken slår meg at mottakinga av Saugestads bok til ein viss grad har følgd eit liknande prinsipp. Forfattaren har med andre ord eit større ansvar for å skrive litterært interessant enn for å unngå søksmål frå familiemedlemmene sine. Mange var inne på dette sporet i Min kamp-debatten: Vi såg dei etiske slagsidene, men såg bort frå dei fordi prosjektet var så litterært interessant.

Framskriden ironi. Eit anna interessant aspekt er kva slags retoriske lag Saugestad har operert med under lanseringa av debutromanen sin, anten det har vore framskriden ironi, ertelyst eller medviten tankeløyse. Ironien har vore såpass raffinert at han nesten har makta å provosere. Måten Saugestad har desavuert sitt eige litterære arbeid på, som ved å samanlikne litteraturen med varer over disk, er nokså uvanleg i den norske bokheimen. Faren er at ironien ikkje blir forstått.

Kritikarens ansvar er på ei side sett å sjå bort frå alt dette – å analysere sjølve teksten og kritisere denne. Men i dagens litterære landskap er ikkje nærlesing den einaste sanne veg til verket, noko ei utgjeving som En ung manns bekjennelser om kjærlighet minner oss om. Kanskje er Thea Urdal i Dagsavisen inne på noko når ho oppfattar romanprosjektet som performancekunst?

Eg kan ikkje sjå at Frode Saugestad står på programmet på Litteraturfestivalen på Lillehammer. Det er synd, for debatten passar festivaltemaet som hand i hanske. At temaet er aktuelt, er det iallfall ingen tvil om.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt