Anmeldelser

Samlemani og sjølvsamling hos Thure Erik Lund

Forfattaren sin hovudperson har eit klart blikk på eigne forskrudde sider. Men går i sirklar rundt seg sjølv.

Her gjeld det å samle seg. Det har kanskje fleire av oss tenkt til tider. For hovudpersonen i Thure Erik Lunds nye roman, En trist og dum historie, er innsikta likevel prekær. Eksentrikaren, eks-finansmannen og eks-samlaren Eugen Hanssen har rota bort livet sitt i eit forsøk på skape ei verdssamling av odde kunstgjenstandar. Hanssen har bygd eit digert museumsbygg på Modum, ein dysfunksjonell koloss der han har samla kunsten sin i haugar og pappesker. Eit skrotnisseprosjekt, kunne ein seie. Iallfall fullstendig ute av synk med rådande normer innan konservering, museologi, kunstformidling. Sjølv luftanlegget manglar i Hanssens kråkeslott.

Det gjer det også i Lunds tekst. Forfattaren serverer 200 tettpakka sider med enkel handlingsgang og dess meir innfløkt tankespinn. Det er lite luft her. Men kapittelinndelinga sørgjer for nokre sårt tiltrengte pustepausar undervegs.

Manisk litteratur. Thure Erik Lunds romanar har lenge hatt maniens kjenneteikn: tankekverninga, den sterke insisteringa på nøkkelord, nyspråkleg høgenergi og lett uforståeleg kvasifilosofi. Det eskalerte gjennom fire Myrbåten-romanar og toppa seg i det grandiose verket Straahlbox frå fjoråret. Der hevda forteljaren (og faktisk også forfattaren!) å vere talerøyr for ein høgteknologisk framtidsinstans, ei kunstig intellektuell språkmaskin, som nedfelte språket i han. Ein artig sci-fi-vri på den romantiske forfattarmyten, med andre ord.

En trist og dum historie verkar å vere eit sideprosjekt til Inn og Straahlbox. Eit overskotsprosjekt, kanskje, om ikkje det då er underskot det er snakk om – at forfattaren av økonomiske grunnar såg seg nøydd til å få ut ei bok i 2011. Men det er ein stygg insinuasjon, boka er fornøyeleg nok, sjølv om ho så til dei grader går på tomgang og i sirklar rundt seg sjølv.

Kjent diagnose. Eugen Hanssen lir altså av samlemani. For alle oss som har litt for mange bøker, plater og filmar i hyllene, er dette ein kjent diagnose. Hanssen blir vår alles trøyst, han har det så mykje verre enn oss. Han har nemleg køyrt seg fast i ein slags verdsidé – å skaffe seg eit ekstrakt av verda, vel tilrettelagt på Modum.

Hanssens museum verkar i mangt som ein Noahs ark for den norske kunstrøynda, her finst det liv og frelse for dei få som går inn. Eit vrengebilete av ein ark er nok heller sanninga, for den einaste som druknar i aksjonen, er Noah sjølv. Museet er likevel ein fascinerande stad, på linje med stråleboksen i Straahlbox – berar av ei eller anna gnostisk innsikt, gøymt langt der inne, smalt og utilgjengeleg.

Genialt og forvirrande. Å, som vi elskar å la oss piske av Thure Erik Lund! For her får vi på pukkelen, alle medlemmer av den skravlande klasse, vi høyrer neppe til dei utvalde, tvert om er vi ignorante dumskallar på alle vis, men vi er også vinnarane, så klart. Det er slike som Hanssen, eller til forveksling Lund, som ikkje blir forstått.

«Genialt og forvirrende» er alt som står i avisa om Hanssens storslåtte prosjekt, etter at ein journalist har vore på besøk, til og med vist interesse. Dette er vel ei ganske grei samanfatning av resepsjonen Thure Erik Lunds forfattarskap har fått fram til no. Det er klart det må vere utilfredstillande. Hanssen, for sin del, seier det slik: «Ingen har til nå forstått den underliggende metoden i det jeg har drevet på med. Ingen.»

Den underliggande metoden i En trist og dum historie synast likevel å vere trollspegelen. Allegorien, kunne ein kanskje sagt, slik Lund kler både poetikk og kulturkritikk i samlarmanisk frakk. Til dømes finst det ein morosam passasje om Hanssens samlarkollegaer, der ein raskt forstår at Lund ikkje kommenterer «Tromholdtbrødrenes samling i Arendal», men Karl Ove Knausgårds Min kamp-prosjekt: «Samlingen i Arendal framsto som en oppvisning i skaperkraft, den var intens og medfølende, ble det sagt. I løpet av et par år hadde de klart å få samlet ting som andre pleide å bruke 20 år på. Men i virkeligheten var det bare en måte å håndtere en kreativitetssperre på. Man trengte ikke bruke fantasien, eller oppfinnsomheten på noe her inne, tenkte jeg. Det er bare å ta for seg av det som hele tiden ligger i nærheten av en, eller rett og slett forsyne seg av verden, skamløst og direkte, slik den framtrer for en, usortert og 'sann'.»

Ujamn putring. Lund puttar sjølv stoff frå den verkelege verda inn i sitt skriftmaskineri, men han gir alt ei underleggjerande, allegorisk form, ser det meste som i ein trollspegel. Det gir litterær oppdrift ei stund, men kan også bli masete. En trist og dum historie fyller for mykje av denne typen drivstoff, resultatet er periodar med ujamn putring der teksten elles slår gnistar.

For i det store og heile er dette ei ny leseverdig bok frå Lunds side. Og når vi mot slutten får to episodar som skriv seg inn i litteraturhistoria ved sida av Elias Ruklas paraplyscene (i Dag Solstads Genanse og verdighet), hever romanen seg svært så mange hakk frå den førehandsvarsla triste og dumme historia Lund var i gang med her.

Romanen munnar ut i eksistensiell tvitring og sosiale medium-kritikk. Dette har vi høyrt før, men ikkje så elegant som hos Thure Erik Lund. Eit siste ironisk stikk, som råkar både Twitter-veldet og litteraturkritikken, blir formulert på følgjande vis: «Å avlevere meninger er det egentlige livsuttrykk.»

Eg pustar djupt og meiner at Thure Erik Lund er ein av dei fremste forfattarane i Noreg. Men kanskje skulle han prøve å utfordre seg sjølv endå litt meir i neste bok? No meistrar han nemleg sin underliggande metode til fulle, og ingen er tent med å gå mange bøker på autopilot.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser