Anmeldelser

Nyskapande og spektakulært om Noah

Russell Crowes Noah er så fjernt frå søndagsskuleversjonen som ein kan kome. Darren Aronofsky ser på den klassiske bibelfortellinga med friskt og utfordrande blikk.

FILMMELDING: Ei ny bølgje av bibelfilmar frå Hollywood rullar inn over oss, og historia om den store flaumen er først ut. Darren Aronofskys Noah hadde premiere i USA før helga, og blir sett opp på norske kinoar no på fredag. Og dette er ein film som kjem til å bli snakka mykje om!

Aronofsky er ein visjonær regissør som står bak kunstnariske suksessar som The Black Swan (2010), The Wrestler (2008) og Requiem for a Dream (2000). Når han no har laga ein adaptasjon av den kjente fortellinga frå 1. Mosebok, ser eg det som sannsynleg at mange bibellesarar vil sperre auga opp. Aronofsky gjer nemleg nokre tolkingar av Noah-fortellinga som dei færraste av oss har lært på søndagsskulen.

Falne englar. Ved første augekast kan det verke oppsiktsvekkande at Noah får hjelp av falne, forsteina englar til å bygge den store arka. Av utsjånad kan desse Vaktarane minne om somme av skapnadene frå Tolkiens Ringenes herre-univers. Min første impuls var at Aronofsky risikerer å gjere for mykje fantasy-eventyr ut av bibelfortellinga, men Bibelen fortel nettopp om kjempene – nefilim – som vandra på jorda i tida før storflaumen. Desse blir rett nok omtala som avkom av gudesøner og menneskedøtrer. Vaktarane som hjelper Noah å bygge arka, er altså falne englar. Og dei er både effektive sagbruk og trottige tømrarmeistrar, mens krigskunsten er noko på hell hjå dei abnorme skapnadene.

Det er likevel ikkje dette som er det mest kontroversielle og nyskapande med Aronofskys Noah. Det er derimot Noahs sjølvforståing av si eiga pakt med Gud. Noah er nemleg overtydd om at Gud – eller Skaparen, som han logisk nok vert kalla nokre slektsledd etter Adam og Eva – ønskjer at alle menneska skal døy. Inkludert Noah og hans eigen familie. Berre dei uskuldige dyra skal reddast, så dei kan formere seg vidare etter flaumen.

Dette skaper naturleg nok ein litt annan himmel over fortellinga. Spørsmålet er om Aronofsky fjernar seg så langt frå bibelteksten at arka får problem med å halde seg flytande.

Skjer i sjøen. Dersom ein tenker teologisk, finst det ein del skjer i sjøen her. For om Noahs ark er eit symbol på den kristne frelsa, og eit frampeik til Jesu kross, er det problematisk om Noah utnemner seg sjølv til nemesis for menneskeheita.

Eg skal ikkje gå inn på detaljane, for å unngå å røpe for mykje av filmen, men dramatikken i filmen blir ikkje mindre når det finst både ein ytre og ein indre trussel på arka. I tillegg til ein blindpassasjer med namnet Tubalkain, Kain-etterkommaren som ifølgje Bibelen smidde seg reiskapar av bronse og jern. Reiskapar er i filmen synonymt med våpen.

Likevel trur eg ikkje at vi bør sjå Noah med for mange bibelskjema som skal kryssast av på. Det er ingen historisk film Aronofsky har laga, det er eit spektakulært drama som tilbyr nye blikk på dei store spørsmåla om rettferd og nåde. Bibelhistoria i seg sjølv er noko av det mest grufulle Bibelen har å by på – ei heil verd av menneske utrydda på grunn av vondskap, inkludert kvinner og born. Det er vanskeleg å ta tematikken inn over seg. Aronofsky maktar å opne auga våre, maktar å gjere dette uforståelege dramaet levande for oss på nytt. Det er både nyskapande og spektakulært, men ikkje spekulativt.

Macho Noah. Russell Crowe har i tidlegare filmar (blant anna Gladiatoren og Cinderella Man) lukkast godt som macho-mann med nokre skjulte mjuke sider; så også i Noah. Der spenninga er på det høgste, låner Noah-figuren frå ein annan sentral bibelsk person. Crowes Noah er utfordrande, men truverdig innanfor den etablerte ramma.

Jennifer Connelly spelar Noahs kone, som klokt nok får ein større plass i filmen enn i bibelfortellinga. Det får også Sems kone (Emma Watson), mens Aronofsky tek seg fridomar med konene til Kam og Jafet.

Kven andre enn Anthony Hopkins (han fyller 80 i år) kunne spele Metusalem? Her er Aronofsky og medmanusforfattar Ari Handel inne på noko interessant, for dei lar Metusalem døy i storflaumen. At det stemmer overeins med bibelfortellinga, har eg ikkje tenkt over før, men berre sjekk reknestykket i 1. Mosebok.

Noah er på alle vis ei mektig filmoppleving. Det finst mykje å diskutere, mykje å vere skeptisk til, mykje å bli rørt av og mykje å gle seg over. Først og fremst har Darren Aronofsky gjort det igjen – skapt eit stykke minneverdig filmkunst.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser