Kultur

«Nyskapande bibeldikt»

Denne originale diktsamlinga er det vellykka resultatet av ein glimrande idé.

Meldt av Jakob Lothe.

Utgangspunktet for Bibeldikt er den nye bibelomsettinga på nynorsk og bokmål, Bibel 2011. I arbeidet med den var for første gong norske skjønnlitterære forfattarar med på å finne dei beste språklege løysingane på norsk. Ikkje slik at omsettinga dermed er blitt mindre nøyaktig, men slik at språket er blitt ledigare og meir presist – utforma på ein slik måte at ein moderne norsk ­lesar ikkje blir distrahert eller irritert av tung syntaks og enkeltord som han eller ho kanskje ikkje forstår.

LES MER: Kjente lyrikere skriver dikt til bibelvers

Skeptiske og kritiske

Bidraga frå skjønnlitterære forfattarar til Bibel 2011 er oppsiktsvekkjande. For i mange år har norske forfattarar, og særleg 68-generasjonen, vore skeptiske og til dels sterkt kritiske til Bibelen, som mange også har vore det til kristne og til vår tusenårige kristne tradisjon. Denne forma for skepsis har medført at ­Bibelen lenge er blitt neglisjert av norske forfattarar. Eg hugsar ein profilert norsk skjønnlitterær forfattar som for om lag ti år sidan på spørsmål om viktige kristne forfattarar svarte: «hvem da»? Ho kjende tydelegvis ikkje, eller lét som ho ikkje kjende, verken Shakespeare eller Dostojevskij eller Undset.

Følg oss på Facebook og Twitter

Respektfylt

At den same forfattaren er representert i Bibeldikt, seier i seg sjølv noko vesentleg om den meir respektfylte, søkjande og undrande haldninga til ­Bibelen som mange norske forfattarar no viser. I denne diktsamlinga er Bibelen for alvor tilbake i skjønnlitteraturen – både som samtalepartnar, som grunnlag for tru, som ­inspirasjon og som kjelde til frustrasjon, tvil og lengt.

Dikta som dei 88 norske forfattarane skriv, dekkjer eit vidt spekter av poetiske uttrykksformer. Kvaliteten er nødvendigvis litt ujamn, men ingen av dikta er dårlege, mange er gode og nokre meisterlege. I det umulege valet mellom så mange fine bidrag stansar eg ved dei til Jon Fosse, Øyvind Rimbereid og Hanne Ørstavik. Slik opnar Jon Fosses poetiske samtale med Jesaja 35 i diktet «Der ingenting er»:

Det kjem ein vind

han tek og tek og tek deg

Han tek deg dit

til dit du alltid var

det kjem ein vind

som veit og alltid visste

og du er der

der du alltid var

Grunnelementa i Fosses skrivemåte er fullt ut til stades her: Dei korte orda, dei insisterande repetisjonane, dei tilsynelatande enkle setningane som ikkje blir banale, men tvert om overraskande komplekse og meiningsutvidande. Eg les «Han» som Fosses namn på Gud, eit namn som mot slutten av diktet blir knytt til «sjølve Ordet» som er både i tida og utanfor tida, både i rommet og bakanfor. «Der ingenting er» er ein gripande poetisk refleksjon over håpet om evig liv.

Vegen til Emmaus

Der Fosse går i dialog med Jesaja, lèt Øyvind Rimbereid seg inspirere av Lukas 24: forteljinga om dei to læresveinane som møter den oppståtte Jesus på vegen til Emmaus, men som ikkje kjenner Jesus igjen. Slik lyder ei av strofene i diktet «Påskedag»:

Og det var grønt

som da du lukket øynene på toget

og merket skogen skifte

og brått så du inn i en klynge hus.

Som en landsby når landsby ikke finnes.

Ett kvart sekund, og alt var forbi!

«Påskedag» er eit av dei beste eksempla i samlinga på eit dikt som poetisk assosierer ut frå bibelteksten gjennom ulike fargar: «oftest svart og grått», «nedstøvet gult», grønt som i eksempelet over, «rødt/som da du gikk i virvlende snø», «blått/som en plutselig fred mellom skyene», «fiolett/som ved morgengry/eller som lyset passbildet ditt/blir undersøkt av». I siste strofa fører Rimbereid så fargane saman i ei pregnant avslutning som tar meg tilbake til ei setning mot slutten av Lukas 24: «Men han ble usynlig for dem».

Prosadikt

Blant dikta er det nokre få korte prosastykke som kanskje kan kallast prosadikt. Det sterkaste av dei er Hanne Ørstaviks «Herren er min hyrde», som med utgangspunkt i Paulus’ andre brev til tessa­lonikarane reflekterer over Salme 23, «farmors bibelsted, farmor var misjonær i Kina på tyvetallet, der fødte hun ni barn og siden drev hun en vestlandsgård, med barna, helt alene. Salme 23, det var der hun la seg ned i de grønne engene og fant hvile og fikk ny kraft». Ei tilsvarande sterk tru har ikkje Ørstavik, men respekten for farmor går likevel lenger enn respekt ved å framvise ein tvilars ønske om å kunne tru: «La ordene få mulighet til å bli et sted i meg, ved at jeg sier dem».

Slik eg les Bibeldikt gir alle dei 88 forfattarane på ulike måtar meir eller mindre direkte uttrykk for slike ønske – sjølv om dei kan vere nedtona av tvil og gjort vanskelege av rasjonelle innvendingar. Ønska framstår som ei søkjande rørsle, som ei form for dynamikk prega av tilnærming, tilbakeslag og ny tilnærming.

Tydeleg dialog

Honnør til Alf Kjetil Walgermo og Jan Ove Ulstein for denne fine diktsamlinga. Ein betydeleg bonus er at sidan Bibeldikt rommar eit dikt for kvar av dagane i kyrkjeåret, har redaktørane valt å trykkje den aktuelle bibelteksten før diktet. Dermed blir dialogen mellom bibeltekst og dikt både tettare og tydelegare, og dikta hjelper oss til å oppdage dimensjonar ved bibelteksten som vi ikkje tidlegare har sett. Eit pluss er det også at kjønnsbalansen er bra, med 42 dikt skrivne av kvinner og 46 av menn, at 38 av dikta er på nynorsk og eitt, av Inger Haldis Ápmir, på samisk.

På eitt punkt er eg ueinig med redaktørane. Dei viser i forordet til at Bibel 2011 blei lansert både som heilag skrift og som litteratur, og det kan verke som dei meiner at det er den siste dimensjonen som er viktigast for forfattarane i Bibeldikt. Det er ikkje mitt inntrykk etter å ha lese desse dikta. Sjølv om delar av Bibelen er suverent litterært utforma, kan Bibelen aldri bli litteratur i den forstand at den framstår som oppdikta, uforpliktande fiksjon.

Det er dei 88 forfattarane fullstendig klar over, også dei som tvilar og er skeptiske. Det er i denne innsikta mykje av respekten for Bibelen ligg, og det er også anerkjenninga av Bibelen som eit unikt dokument med ei eineståande verknadshistorie i vår kulturkrets som legg grunnlaget for det etiske alvoret og den eksistensielle søkinga som pregar dikta.

Meldinga er skriven av Jakob Lothe, professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo. Medredaktør av boka, Alf Kjetil Walgermo, er også kulturredaktør i Vårt Land.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur