Kultur

Norsk omsettar: – Krona på verket

Alice Munro er tildelt nobelprisen i litteratur.

Den kanadiske novelleforfattaren Alice Munro har vore ein favoritt til nobelprisen i mange år. I år slo tipset til, og sekretær Peter Englund i Svenska Akademien var tydeleg nøgd med å presentere den fjerde kvinnelege prisvinnaren på ti år.

Munro får prisen for sitt meisterskap innan novellesjangeren. Det er svært sjeldan at nobelprisen går til ein tilnærma «rein» novelleforfattar.

Sluttstrek. – Dette var morosamt, seier den norske omsettaren Aase Gjerdrum til Vårt Land.

Gjerdrum har omsett dei tre seinaste Munro-bøkene på norsk: Utsikten fra Castle Rock (2008), For mye lykke (2010) og den nyleg utkomne Bare livet.

– Dette er krona på verket. I den siste boka set ho sluttstrek for seg sjølv som forfattar. Difor er det veldig flott at ho får nobelprisen idet ho seier at ho er ferdig med forfattarskapet sitt, seier Gjerdrum.

Sjølvbiografisk. Dei siste novellene i Bare livet er så sjølvbiografiske at Munro sjølv ikkje kallar dei for noveller, men for «notat».

– Korleis vil du karakterisere Munro som forfattar?

– Ho er ikkje eksperimentell, men svært lett tilgjengeleg. Tilsynelatande lett, men ho har desse kvalitetane som gjer at ho fått nobelprisen: Ein kan finne så mange botnar i alt ho skriv. Det er mange lag under det som er synleg. Særleg veit ho mykje om kvinnesinnet. Det skjøre og sårbare kjem tydeleg fram i litteraturen hennar.

Vippepunkt. At kvinnene, både unge og gamle, står i sentrum, er gjennomgåande i novellene hennar, sjølv om Munro også skriv om menn. Like karakteristisk er at Munro ofte skriv om kvardagssituasjonar – om små augneblink der livet blir endra for alltid.

– Ho er oppteken av dei små sekunda som endrar menneskeliv. Du kan kalle det for vippepunkt, seier Gjerdrum.

Som omsettar må ho vere svært årvaken for å treffe det rette punktet i Munros språk, elles kan det bli feil på norsk. Gjerdrum synest ikkje Munro er ein vanskeleg forfattar å omsette, men absolutt ein interessant og utfordrande forfattar.

Konsistent stil. – I kva grad har Alice Munro vore med på å utvikle novellekunsten og drive han framover?

– Ho har utvikla sjangeren med sin spesielle og konsistente stil. Samtidig står ho også godt planta i den amerikanske novelletradisjonen, seier Aase Gjerdrum.

Alice Munro er fødd i 1931 i Wingham, som ligg i den kanadiske provinsen Ontario, og bur i dag i Clinton. Ho debuterte med novellesamlinga Dance of the Happy Shades i 1968, og har gitt ut ei lang rekke novellesamlingar fram til og med Bare livet (originalt: Dear life, 2012). Dei fleste novellene hennar har handling frå sørvestre Ontario, der ho vaks opp.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur