Film

Norsk film til prestisjefestival

Joachim Trier invitert til Cannes.

Då festivalprogrammet til filmfestivalen i Cannes blei lagt fram i Paris i dag, stod det ein norsk regissør på programmet: Joachim Trier er invitert med sin nye film Oslo, 31. august. Filmen skal vere med i prestisjeprogrammet Un Certain Regard, der filmskaparen Emir Kusturica skal leie juryarbeidet. Dette er det nest viktigaste etter hovudprogrammet.

Oslo, 31. august er eit portrett av Oslo i dag, og handlar om ein mann som vert driven til eit eksistensielt nullpunkt. I hovudrolla finn vi Anders Danielsen Lie, som også spelte i den kritikarrose Reprise, som Trier fekk eit internasjonalt gjennombrot med.

Stor ære. - Som den filmelskaren eg er, blir det ei stor ære å ha verdspremiere på Oslo, 31. august under filmfestivalen i Cannes. Det gler meg også at festivalen er så begeistra for Anders sin skodespelarprestasjon, for han ber filmforteljinga frå første til siste bilde. Eg er også stolt over å være vald ut til filmfestivalen der Erik Løchen, bestefar min, deltok med Jakten i 1959, seier Joachim Trier i ei pressemelding.

Filmen vil få norsk premiere 31. august.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film