Bøker

Nordisk Råds litteraturpris snudde skuffelse til glede

I 16 år har Gyrðir Elíasson kjent seg oversett i Skandinavia.

Det er ein glad islandsk forfattar Vårt Land får tak i på mobiltelefon etter tildelinga av Nordisk Råds litteraturpris i går. Gyrðir Elíasson hadde til liks med mange andre trudd at Beate Grimsrud skulle få prisen. Så var det i staden hans eiga bok, Milli trjánna (Mellom trea), som blei premiert.

– Eg tenkte på noko heilt anna. Eg sat og skreiv, og følgde mine vanlege rutinar. Så fekk eg vite at eg hadde vunne. Eg blei veldig glad, seier han.

Uinteressant for Noreg. Gleda står i motsetning til skuffinga han har kjent sidan midten av 1990-talet. Midt i gledesrusen held ikkje Elíasson attende at han har kjent seg oversett, i negativ forstand.

– Det har ikkje vore noko interesse for meg i Skandinavia. Dei siste 16 åra har det nesten ikkje vore nokon omsettingar. På norsk er det berre komme ut ei bok, Søvnhjulet, på Oktober forlag i 1993.

– Har Oktober forlag rettane til dei andre bøkene dine?

– Eg trur ikkje dei er interesserte. Eg har ikkje høyrt frå dei på 15 år.

Heller ikkje Sverige og Danmark har vore på tå hev i forhold til å omsette Elíassons litteratur, sjølv om litteraturvitaren Erik Skyum-Nielsen for tida er i ferd med å omsette Mellom trea til dansk.

– Har det vore skuffande med den labre interessa frå Skandinavia?

– Ja, det har vore skuffande for meg.

Frigjerande noveller. Meir seier vi ikkje om den saka. No er det bøkene til prisvinnaren det handlar om. Gyrðir Elíasson begynte som poet, men skriv også novellesamlingar og kortromanar. Sjølv om kortromanane eigentleg er «lange noveller».

– Eg synest at romanen er altfor dominerande innanfor litteraturen, seier han.

– Novella har mange moglegheiter. Ho gjev forteljaren fridom. Du kan fritt skifte mellom ulike miljø, stadar og stemningar. Sidan eg begynte å skrive poesi, er det novella som liknar mest på poesien. Det er nok novella som passar personlegdomen min best.

I grunngjevinga frå juryen til Nordisk Råds litteraturpris heiter det at Elíasson får prisen for «ein stilistisk høgstståande ordkunst som skildrar indre og ytre truslar i dialog med verdslitteraturen»

– Korleis vil du skildre din eigen litteratur?

– Det er blitt sagt at bøkene mine er ein rar miks av realisme og fantasy, og det er nok sant. Kanskje er eg også litt introvert. Men alle forfattarar er uansett ein del av samfunnet.

Inspirert av Vesaas. – Har du litterære førebilete hjå Borges og Raymond Carver, som somme har uttalt?

- Eg ligg nok nærmare Borges, sjølv om eg også kan vere inspirert av Carver. Elles er eg glad for å ha fått den same prisen som William Heinesen, favorittforfattaren min.

Den færøyiske forfattaren Heinesen fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1965, for den historiske romanen Det gode håp.

– Kva norske forfattarar set du pris på?

– Eg er glad i Knut Hamsun og Per Petterson. Men også Rolf Jacobsen, Olav H. Hauge og Tarjei Vesaas, som eg er inspirert av.

Litteraturen blomstrar. Det er berre seks år sidan ein islandsk kollega av deg, Sjón, fekk Nordisk Råds litteraturpris. Er islandsk litteratur inne i ein ny gullalder?

– Det er mange gode forfattarar på Island, og litteraturen blomstrar. Etter den økonomiske kollapsen har haldninga til folket her endra seg. Før handla alt om pengar. No er folk mottakelege for kunsten. Det er betre å vere kunstnar her enn før.

Iallfall når det gjeld det kunstnariske og immaterielle. Økonomisk er det knappare enn nokon gong. Elíasson har levd som fulltidsforfattar i 25 år, eit livsval som ikkje berre har vore enkelt.

– Det var veldig vanskeleg før den økonomiske krisa, og det er endå verre no. Men alt går, så lenge du reduserer behova dine. Prispengane frå Nordisk Råd kjem godt med, seier Gyrðir Elíasson.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker