Film

Nervepirrande gudsleik

Alex Garland, kjent som forfattaren av den populære romanen The Beach, regidebuterer med ein vakker og intens film om kunstig intelligens.

MELDING: Gud skapte mennesket, og det vendte seg straks mot sin skapar og gjorde opprør. Den bibelske forteljinga om skaping og syndefall ligg i botnen for alle historier om kunstig intelligens. Dersom mennesket skulle lukkast i å skape ein robot med medvit, har det på sett og vis tilrøva seg Guds plass. Samtidig ligg det i alle slike scenario eit alvorleg faremoment – at den kunstige intelligens blir smartare enn vår eigen og kan komme til å truge vår menneskelege eksistens.

LES MER: Kritikerne kåret «Blind» til fjorårets beste film

Mange filmar

Det er gjennom filmhistoria kome mange filmar om kunstig intelligens, eller A.I. (artificial intelligence) som det heiter på engelsk. Heilt frå Fritz Langs Metropolis i 1917 har robotar og kunstige intelligensar vore viktige aktørar på det store lerretet. Ein av dei mest legendariske er HAL 9000 i Stanley Kubricks 2001: En romodyssé frå 1968. Vi må heller ikkje gløyme duoen C-3PO og R2D2 i Star Wars, eller Arnold Schwarzeneggers innsats som kyborg i The Terminator-filmane. Blant andre filmar som bør nemnast er både Robocop, som kom i restaurert utgåve i fjor, Steven Spielbergs A.I., Blade Runner og The Matrix. Dette er berre eit lite knippe, der også barna fekk sin eigen kjælerobot i Wall-E.

LES MER: Råsterkt om skadeleg tru

Forelska i testaren

Den siste tida er det likevel fornya interesse for tematikken også innan filmen, og Alex Garlands Ex Machina føyer seg inn i eit bilete av fleire sterke kunstig intelligens-filmar frå den seinare tida. Fremst blant desse står nok Christopher Nolans Interstellar og Spike Jonzes Her. I sistnemnte forelskar Joaquin Phoenixs rollefigur seg i operativsystemet sitt, og noko av den same nerven oppstår når den 25-årige dataprogrammeraren Caleb (Domhnall Gleeson) blir henta til eit avsides forskingslaboratorium for å ta Turing-testen på den vakre roboten Ava.

Namnevalet er ikkje tilfeldig. Slik Bibelen fortel oss at Eva var den første kvinna, ser Ava ut til å vere den første med kunstig intelligens. Namnet spelar også på ordet avatar, som leier tankane både mot inkarnasjon (i hinduistisk mytologi) og digital representasjon (i dataspel).

LES MER: Svensk frustrasjon

Intelligent åtferd

Turing-testen har namn etter Alan Turing, nyleg framstilt av Bendedict Cumberbatch i Morten Tyldums film The Imitation game. Testen er ein åtferdstest, der eit menneske testar ei maskin for intelligent åtferd. Caleb i Ex Machina er blitt vald av den eksentriske teknologiguruen Nathan (Oscar Isaac) til å vere testaren. Men når Caleb begynner å interagere med Ava, er det ikkje godt å vite kven som tek styringa? Er Ava programmert til å simulere menneskelege kjensler som forelsking, eller er dette ho utviklar i seg sjølv?

No skulle ein kanskje tru at Ex Machina spekulerer i å kombinere to ulike guteromsdraumar i ein og same film, i form av høgteknologi og kvinneleg sensualitet. Men filmen er såpass smart at han ikkje fell i dei største klisjeane.

Alex Garland, særleg kjent som forfattaren av den populære romanen The Beach (på norsk: Stranden), har skrive manus for fleire filmar tidlegare. Med denne filmen får han også sin regidebut, og kjem etter mitt syn brukbart frå det.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Dramatisk miks

I mangt er filmen som eit intenst kammerspel i sci-fi-setting, med eit fabelaktig naturlandskap som ramme. Filminga i flotte Valldal på Sunnmøre understrekar den dramatiske miksen av natur og teknologi som er sjølve tematikken i Garlands forteljing.

Skodespelet er heilt greitt, og ein kan også lure på korleis eit enkelt menneske, Nathan, har kunna utvikle Ava på eiga hand, så å seie i full isolasjon. Men om ein ser bort frå nokre skurrande detaljar, gir Ex Machina eit friskt blikk på eit tema som blir stadig meir aktuelt.

Kunstig intelligens engasjerer ei rad av eksistensielle spørsmål som går tett på både menneskelivet og religiøs tru. I Ex Machina er «Deus» fråverande, jamfør det faste uttrykket «deus ex machina» (på norsk: «Gud frå krana»), eit omgrep i teater- og filmhistoria inneber litt for kjappe løysingar på slutten av eit konflikt. Den kjappe løysinga kjem ikkje her. Men det er mennesket sjølv som spelar Gud, og fallhøgda kan vise seg å bli utilsikta stor.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film