Kultur

Musikalsk kalas med Stein Torleif Bjella

Opninga på årets siste Øya-dag vart eit høgdepunkt.

Øyafestivalen har ein solid tradisjon for å sette opp knallgode konsertar klokka 13 på laurdag, den siste dagen i festivalveka. Den største suksessen var vel då Knutsen og Ludvigsen spelte på dette tidspunktet i 2006 – ein av dei beste konsertane eg har høyrt i Oslo, uansett sjanger.

I år var det Stein Torleif Bjella som fekk oppdraget å spele for alle som orkar å møte opp tidleg på festival. Også på laurdag var det mange. Amfiet i Tøyen-parken var nesten fullt, og publikum fekk høyre ein Bjella i godvigør. Etter ein nokså neddempa start, der artisten frå Ål i Hallingdal spela «Heidersmenn» og «Psykisk kan du vera sjøl» i mykje saktare tempo enn på debutplata Heidersmenn, fekk han opp dampen allereie frå tredje låt, «Tvangsguten kompani». Kontrabassist Eirik Øien og trommis Michael Blair heldt god driv resten av konserten.

Markant gitarist. Bjella har tidlegare spela fleire konsertar saman med gitaristen Kjartan Kristiansen frå DumDum Boys, men med Geir Sundstøl på scena mangla det ikkje på energi i gitarspelet. Sundstøl imponerte både på gitar, slide-gitar og banjo, og sette eit markant preg på konserten. Sundstøl, som er ein av dei mest brukte studiomusikarane i Noreg, er også eminent live, og det er på sin plass å løfte han fram særskilt etter konserten med Bjella på Øyafestivalen.

Imponerte. Marita Vårdal Igelkjøn imponerte også med traktering av såpass ulike instrument som tangentar, trekkspel, melodika og sag. Det var fleire multiinstrumentalistar i sving på denne konserten!

Når det er sagt, var det sjølvsagt Stein Torleif Bjella sjølv – og ikkje minst dei glitrande tekstane hans – som stod i sentrum av konserten. Med låtar som «Redningsmann» og «Undergang» plasserer han seg eit viselandskap som er prega av både melankoli, humor, lokalgeografi og ein del underliggande religiøs metaforikk. Ein låt som «Tiger på Sundretur» illustrerer spennet i livssyn og livsførsel som ifølgje Bjella har prega Ål i Hallingdal – der pinsekyrkjelyden Håp var å finne vis-à-vis den lokale puben Beijing. «Vakla mellom HÅP og Beijing
 / dei skulle ha slått seg i lag
 / med turing og med frelsing
 / so rekk du alt på ein dag,» song Bjella.

Høgdepunkt. Og når han til slutt avslutta med den tøffe låten «Kalas», var det ei god oppsummering av det vi hadde vore med på i dryge tre kvarter. Det blei musikalsk kalas med Stein Torleif Bjella på den siste dagen av Øyafestivalen. Eit nytt Øya-høgdepunkt.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur