Film

Moses med forklarlege under

Bibelens historieforteljing er meir spektakulær enn Ridley Scotts fornuftsversjon.

FILMMELDING: Christian Bale spelte nyleg rolla som Batman. Spørsmålet er kor sjangerforvirra han er når han no har inntatt rolla som Bibelens Moses. Rett nok er det ingen superhelt frå Marvel-universet som har snike seg inn i «the greatest story ever told». Men i denne forteljinga er Moses ein meir slagkraftig krigar enn vi kunne lese ut av bibeltekstane – manndrapet til tross. I Ridley Scotts variant av bibelhistoria er Moses ein dyktig krigar som bergar bror sin, Ramses, frå den visse død på slagmarka. Ein egyptisk profeti har allereie slått det fast: «Ein leiar skal frelsast og frelsaren skal ein gong leie.» Moses er eit leiaremne, til ein slik grad at farao Seti – tøft spelt av John Turturro og eyelinaren hans – set han høgare enn sin eigen son.

Følg oss på Facebook og Twitter

Ramses (Joel Edgerson) er relativt truverdig teikna. Han er verken i overkant misunneleg eller i overkant vondsinna, sjølv om vi aner at han har lågare sjølvtillit enn både Seti og Moses. Ramses blir nøydd til å kompensere når han sjølv blir farao, noko som går ut over hebrearane i landet. Dei mektige byggverka krev mykje stein.

LES MER: Spelar både Jesus og Satan i same film

Storslått

Exodus: Gods and Kings viser oss mange storslåtte scener frå det 3300 år gamle Memfis, og kraftige datamaskiner må få sin del av æra. 3D-effekten er ikkje påtrengande, men  særleg i starten av filmen aner vi storleiken i det å vere son av farao på denne tida – det var ikkje mykje om å gjere på at Moses vaks opp som ein gud.

Når Moses etter kvart kjem i prat med dei eldste blant hebrearane, får han for første gong vite at han høyrer til eit folk som vedkjenner seg ein annan gud – Abrahams Gud. Opplysinga kjem som eit sjokk på han, og han drep straks to soldatar som mistek han for å vere ein av slavefolket. Det varer ikkje lenge før nokon har tysta på han, og Ramses, som har tatt over som farao, forviser han til ørkenen – halvvegs i raseri, halvvegs i sympati for mannen han alltid har rekna som ein bror. Faren Seti gav brørne kvart sitt gullsverd – til å beskytte kvarandre med. Når Moses blir sendt ut i øydemarka, har Ramses lagt sverdet i oppakninga hans, som eit teikn på faraos ambivalente vilje.

LES MER: – Kyrkja har ei utfordring når ungdom får bibelkunnskapen sin frå Hollywood, skriv Alf Kjetil Walgermo

Forståeleg

Exodus glir best av garde den første timen, før Scott byrjar med det som skal bli standardøvinga gjennom resten av filmen: Han nytolkar alle bibelske teikn til under, slik at dei skal bli nokolunde forståelege i vår sekulære tid. Samtidig gjer regissøren seg sjølv ei bjørneteneste. For fjernar han ikkje noko av det spektakulære ved bibelfortellinga når til dømes Moses ser den brennande tornebusken etter å ha slått seg kraftig hovudet?

Den forsøksvise sekulærrealismen kler bibelhistoria dårleg. Sjølv om ein kan seie at Scott er radikal når han lar ein 11 år gammal gutunge (Isaac Andrews) opptre som Gud. Gutungen verkar like krigersk og hemnlysten som Gud kan vere på sitt «verste» i dei historiske bøkene i Det gamle testamentet.

Det same grepet gjer seg gjeldande når Scott skal skildre Egypts plager. Her blir Nilen fylt med blod fordi krokodillene går amok og drep alle som er ute i båt på elva. Resultatet er at fisken døyr, froskane hoppar på land, fluene kjem i store svermar, etterfølgd av grashoppene.

LES MER: – Film om himmelen for enkel og banal

Tsunami

At faraos førstefødde døyr, finst det ikkje noko rasjonell forklaring på. Men når vi kjem til klimakset ved Raudehavet, er vi igjen attende til forsøket på å fjerne det uforklarlege – her skil ikkje havet seg i to, men kjem rullande som ein tsunami. Det er tydeleg at Exodus vil gi oss ei «akseptabel» Moses-fortelling. Det er eit legitimt, men noko krampaktig val.

Til sjuande og sist er det ikkje nok som står på spel for hovudpersonen sjølv, absurd nok. Sjølv om Moses tviler på at han har leia folket sitt den rette vegen, blir han i for liten grad eit menneske av kjøt og blod. Ein ting er dei overflatiske familiescenene i filmen. Men eg trur heller ikkje heilt på det avsluttande vågemotet, der Bale trumfar Bibelen på hasardiøst vis. Her er Moses tilbake i Batman-drakt. For ikkje å snakke om det patetiske angrepet til Ramses, som berre kan forklarast ut frå ønsket om ein klassisk amerikansk duell: mann mot mann.

LES MER: Kinopublikum vil ha kristne filmer

Kvassare Noah

Den amerikanske dommen etter at Exodus hadde premiere for nokre dagar sidan, er at filmen ikkje lever opp til kjeldematerialet – som om det skulle vere mogleg. Men Bibelens historieforteljing er meir spektakulær enn Ridley Scotts fornuftsversjon. Manusforfattarane (Adam Cooper, Bill Collage, Jeffrey Caine og Steven Zaillian) lukkast ikkje med å skape ei engasjerande historie som held heilt til mål, men rotar seg vekk i ørkenen. Slik sett var Darren Aronofskys Noah, som kom tidlegare i år, mange hakk kvassare.

Når det er sagt, er Exodus såpass storslått og actionfylt at filmen kjem til å nå ut til mange. Som utgangspunkt for diskusjonar om Bibelens Moses er han godt eigna.

LES MER: Sammenlikner Jesus-film med bryllupsvideo

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film