Kultur

Men kjærleiken fekk ikkje slag

Ei eventyrleg vakker forteljing om livslang kjærleik er formidla i boka Anna og Solmann.

«Der kjem Anna og Solmann, sa folk på Byrknes. Folk likte så godt å sjå Solmann og Anna på tur. Dei likte å bli minte på kor godt kjærleiken står seg i all slags vêr.»

Slik skriv Erna Osland i denne boka, som er ein slags dokumentar, men på grunn av måten ho er skriven på, kan ein lesa henne som poesi. Slik kan òg ei bok med språk tilrettelagt for folk med lesevanskar vera.

I lag. Anna og Solmann Einebærholm bur i Gulen i Sogn og Fjordane. Dei er begge 81 år, og har kjent kvarandre sidan dei var skoleborn. For seks år sidan fekk Anna slag, og kvardagen endra seg for dei båe. Erna Osland bur òg i Gulen. Ho har kan hende sett dei to gamle etter vegen: Anna i den elektriske rullestolen, heilt innpakka i regntelt mot vestlandsveret, med Solmann styrande, på eit sete han har konstruert sjølv bak henne, for at dei framleis kunne vera i lag på tur. Så skreiv ho bok om dei.

I boka er det mange fotografi av dei to elskande. Dei er tekne av Oddleiv Apneseth, ein røynd fotograf, som har fylgd dei både på tur langs vegen, heime i huset deira og på sjukeheimen. Bileta er tekne med velutvikla sans for miljø og stemning, og hjelper oss til å forstå endå betre kor utruleg denne soga er.

Buss og båt. Ein les iblant i avisene om gamle ektefolk som må skiljast om den eine treng plass på sjukeheim. Det er alltid vondt når to som gjerne vil vera saman, blir skilde. Men sjeldan ser ein slikt pågangsmot, kreativitet og gjennomføringsvilje til å finna løysingar på utfordringane som i soga om Solmann og Anna. Han trassar både ver, slitsame bussreiser og manglande ferjeavgangar, kjøper seg moped og jamvel båt for at han og Anna skal kunna vera i lag kvar dag. Og det vakraste av alt er at det verkar som om det ikkje er pliktkjensle, men kjærleik, ja beint fram ei slitesterk forelsking, som er drivkrafta hans i alt dette.

Det blir formidla vakkert og usentimentalt av Erna Osland. Ho legg heller ikkje skjul på det som er vanskeleg. Kan hende er det nett derfor boka gjer så djupt inntrykk. Vi skjønar at påkjenningane er mange både for Anna og Solmann. Di større er kjærleiken som overvinn alt dette. Noko av svaret ligg i dei korte setningane som skildrar ungdomstida deira. For alt då hadde dei eit kjærleiksforhold som var sterkare enn vanleg.

Samkjensla. Denne soga er som eit eventyr. Ho bryt med så mykje av det som pregar liva våre. I det moderne Noreg har ikkje folk så mykje tålmod. Berre det å halde saman eit heilt liv som ektefolk, er blitt for mykje for mange – jamvel utan slike store påkjenningar som Anna og Solmann har. Interessant er det og at borna til desse to meiner det blir for mykje for Solmann. Dei er redde for at han skal overanstrenga seg. Han har ikkje så god helse han heller, med fleire operasjonar bak seg. Men Erna Osland ser bakom strevet. Ho ser den djupe samkjensla som er mellom desse to gamle, og skildrar henne så fint og truverdig at ein blir varm om hjartet, og får lyst til å gå ut i verda og vera god.

Les mer om mer disse temaene:

Marianne Lystrup

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur