Film

Martin Scorseses hedonisme på børsen

The Wolf of Wall Street krinsar rundt pengar, vakre damer og dop.

Martin Scorseses førre film var familiefilmen Hugo, om ein gut som lever åleine på ein jernbanestasjon i Paris. Med den nye filmen The Wolf of Wall Street er Scorsese definitivt ute av familiesfæren. No snakkar vi Mean Streets igjen – tittelen på gjennombrotsfilmen hans. Gatene i New York kan vere slemme. Og slemmast av dei alle, må vere Wall Street.

Filmen er bygd på ei sann historie, som også er blitt filmatisert før (Boiler Room, 2000). Leonardo DiCaprio spelar rolla som børsmeklaren Jordan Belfort, som gjorde lynkarriere på 1980- og 90-talet. Belfort bygde seg opp på OTC-handel, det vil seie aksjar ein handlar utanfor dei offisielle børsane, så å seie over disk («over the counter»). I denne marknaden, som er dårleg regulert, er det mogleg å operere med ulike lag av moralske skruplar. «The Wolf», som Belfort etter kvart blir kalla, har få av dei.

Orgie. The Wolf of Wall Street er ein orgie i hedonisme. Alt handlar om pengar, vakre damer og dop. Scorsese skildrar eit ekstremt machomiljø, som eg nesten blir skamfull på vegne av mannsstanden av å sjå.

Men berre nesten. Filmen grip meg aldri, trass dei mange krokane: Scorsese, DiCaprio, sann historie, vill vest på børsen. Sjølv om The Wolf of Wall Street er nominert til fleire Oscar-statuettar, blant anna beste film, får eg lite att for å bruke tre timar på filmen. Det er sjølvsagt overraskande, på grensa til sjokkerande, å sjå kor langt desse børshaiane gjekk både i narkotika- og kvinnemisbruk. Men det blir rett og slett trøyttande i lengda. Denne gongen synest eg ikkje Scorsese har brukt kreftene sine rett.

Nakenscener. Når filmen etter kvart kjem på DVD og Blu-ray, blir han fire, og ikkje tre, timar lang – med utvida sex- og nakenscener. Dette vil nok somme gle seg over, men spørsmålet er om Scorsese denne gongen blei for opphengt nettopp i skildringa av dei juicy detaljane og for lite interessert i å fortelje ei god historie. Den utstrakte bruken av forklarande (og unødvendig) indre monolog er teikn på at Marty ikkje har stramma fortellargrepet godt nok.

The Wolf of Wall Street har allereie blitt ein suksess på verdsbasis, og Scorsese er uomtvisteleg ein viktig regissør. Likevel er ikkje dette ein viktig film, slik Oliver Stones Wall Street var det i 1987. The Wolf of Wall Street ropar høgt, men blir sjølv ikkje meir enn eit ekko. Mens Jordan Belfort blir ein Gordon Gekko på syre.

Les fleire meldingar i Vårt Lands papiravis torsdag.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film