Kultur

Lomheim fryktar Facebook øydelegg menneske

Ein av fire unge synest det er viktigare å vere oppdatert på Facebook enn å treffe venner. – Det er eit hån å kalle det sosiale medium for sosialt, seier tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim.

Sylfest Lomheim er stigen ned frå direktørsetet i Språkrådet. Men det han har på hjartet, er viktigare enn nokon gong. Med boka Tale er gull opptrer han som jordisk vekkingspredikant: Vi står i fare for ikkje lenger å utvikle oss til sanne menneske.

– Mennesket er i ferd med å bli slukt av kommunikasjonsteknologi. Eg er ikkje imot teknologien. Men dersom teknologien tek styringa over oss, sluttar vi å vere det biologiske vesenet vi har vore i fleire hundre tusen år. Då brenn det eit blått lys for mennesket, seier Lomheim til Vårt Land.

– Kva er den største trugselen?

– Vi kan jo ta sosiale medium. Det er ein hån å kalle dei for sosiale – dei er det motsette av å vere sosial. Om du har kontakt med andre menneske gjennom teknologi, så er det ein fjernkontakt. Sosial kontakt er derimot nærkontakt.

Viktigare enn vennar. I ein fersk undersøking gjort av IT-selskapet Cisco kjem det fram at ein av fire ungdommar under 30 år synest det er viktigare å vere oppdatert på Facebook enn å treffe vennar.

– Du er redd for at vi er i ferd med å miste viktige delar av det som konstituerer oss som menneske?

– Ja, faktisk. For det som konstituerer oss som menneske, frå vi er små, er samtale. Eit menneske som berre utviklar seg gjennom elektronisk kontakt med andre menneske, blir ikkje eit menneske.

– Det er ein ganske kraftig påstand.

– Det er ingen som utviklar empati, ansvarskjensle og andre grunnleggande sosiale og etiske eigenskapar over nettet. Slike evner utviklar vi i kontakt med andre. Når vi blir vaksne menneske, som du og eg, er vi blitt dei vi er gjennom fysisk nære samtalar. Difor er det heller ikkje likegyldig kven vi brukar tida vår på å snakke med opp igjennom livet.

Øydelegger oss sjølve. Lomheim ser ein fare for at ungdommar som brukar heile tida si på internett, ikkje utviklar seg til heile menneske. Mennesket har plassert seg sjølv i spenningsfeltet mellom langsam biologi og lynrask teknologi, og risikerer å øydeleggje seg sjølve med teknologien.

– Eg er redd for at mennesket ikkje har nok medvit til å meistre kommunikasjonssamfunnet på 2000-talet, seier han.

Det er fleire andre fagpersonar som er inne på det same, meiner han, som psykologar og biologar. Lomheim ser problemstillinga utifrå sin ståstad som språkmenneske. Han reknar med å få kritikk for å vere framtidspessimist, men held saka for å vere så viktig at han lever roleg med det.

– Boka er ei bekymringsmelding. Eg håper at ho kan bidra til meir medvit om det moderne teknologisamfunnet vi er på veg inn i. Dersom vi ikkje klarer å styre utviklinga, kan dette gå riktig dårleg.

Skummel utvikling. Eitt av faresignala er teknologi som fører til at mennesket tilpassar seg maskina, til dømes talegjenkjenning. Somme dialektar er enklare for ei datamaskin å forstå. Kvifor skulle då ikkje folk gje opp si eiga og tale nettopp denne dialekta?

– Dersom folk ikkje ser at dette er skummelt, kan ein gje opp alt håp. Då er det maskina som styrer mennesket. Det betyr at språket vårt blir øydelagt. Og blir språket øydelagt, så blir mennesket øydelagt, seier Lomheim.

– Men det er framleis håp for talen?

– Det er absolutt håp for talen. Og det kan gå bra dersom vi tek styringa på teknologien og veit kva vi held på med. For talen har vi. Men vi må ikkje marginalisere han som samversform i staden for å bruke han for å bli menneske. Då er vi ille ute.

Jesus som ordkrigar. Lomheim peikar på at teknologien som i dag rådar grunnen, er komen som følgje av ei eksplosjonsarta uvikling på berre eit drygt tiår.

– Allereie no er det mange unge menneske som er øydelagde fysisk og psykisk. Det har sitte framfor skjermen heile den vakne delen av livet sitt og er fysisk øydelagde som 20-åringar, med dei same symptoma som utslitne 50-åringar. Og psykisk har dei ikkje fått den utviklinga dei skulle hatt som fungerande, sosiale menneske.

Motsett av denne utviklinga går Lomheim attende til Jesus frå Nasaret og karakteriserer han som «talens og samtalens meister».

– Eg skriv om Jesus som eit menneske med ordet i si makt og talen som reiskap. Han skreiv ikkje, sjølv om han kunne det, fordi han ville verke på andre. For Jesus låg talen og samtalen over alt anna. Han var menneskeson og ordkrigar.

– Om vi følgjer Bibelen heilt attende til byrjinga, så blei verda til ved tale. Det er vel også eit poeng?

– Ja, og det er ikkje noko dårleg poeng, seier Sylfest Lomheim.

– Poenget mitt er at mennesket blir til ved tale. Vi er homo loquens – det snakkande mennesket. Om vi ikkje samtalar med kvarandre, blir vi ikkje menneske.

DELTA I DEBATTEN: Er du enig med Lomheim i at bruken av sosiale medier trugar oss som menneske? Er det eit hån å kalle sosiale medier for sosiale?

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur