Bøker

– Kritikken blir betre med bibelkunnskap

James Wood er ein av verdas fremste litteraturkritikarar. Han er glad for å ha vakse opp i eit kristent miljø der det stod noko på spel.

I Noreg er han kanskje best kjent for å ha gitt Karl Ove Knausgård gode kritikkar i USA. Men James Wood er ein av verdas fremste intellektuelle, både som professor i litteraturkritikk ved Harvard, som profilert essayist og som kritikar i det kredible amerikanske magasinet The New Yorker. Mange litteraturinteresserte kjenner boka How Fiction Works. Men Wood har også skrive mykje om litteratur og religion, blant anna essaysamlinga The Broken Estate. Essays on Literature and Belief.

– Litteratur og religion er noko som interesserer meg. Til dømes korleis somme forfattarar ikkje heilt klarer å forlate kristendommen, men stadig vekk vender attende til tematikkar som skam, tilgiving og sjølvstraffing. J. M. Coetzee og Cormac McCarthy er to gode døme, seier Wood til Vårt Land.

LES MER: De glemte forfulgte

Blant forfattarane han skriv om i The Broken Estate er Jane Austen, Herman Melville, Viriginia Woolf, Thomas Mann, Gustave Flaubert, Nikolaj Gogol, Anton Tsjekov, D. H. Lawrence, T. S. Eliot, Thomas Pynchon, Toni Morrison, Julian Barnes, W. G. Sebald og Philip Roth. Ei perlerad av glitrande forfattarar. Men Wood er som sagt også interessert i nyare norsk litteratur, som Karl Ove Knausgård og Per Petterson, og han kan finne det mystisk engasjement for det overnaturlege hjå ein ungarsk forfattar som László Krasznahorkai.

LES MER: 'En tekst full av klisjéer kan være mer relevant enn en med vakre setninger'

Kristne kategoriar

– Eg er interessert i det faktum at det trass i sterke sekulære impulsar i det moderne samfunnet, har vi framleis dei religiøse tradisjonane med oss – som spøkelse. For meg er dette noko av det mest interessante ved Knut Hamsun, til dømes. Trass i hans rebelske ateisme kjem han stadig attende til kristne kategoriar som synd, tilgiving, martyrdom. Det gjeld for mange forfattarar, og særleg for dei som prøver å kjempe imot kristendommen – spøkelset heng berre endå sterkare over dei, seier Wood.

– I boka The Broken Estate har du ei glimrande setning om Herman Melville som illustrerer dette: «Han forlét festen, men kom stadig attende for å sjekke om hatten og hanskane hans framleis låg der.»

– Hehe. Nei, Melville var ikkje ein komplett ateist, slik det også var vanskeleg å vere komplett ateist på 1850-talet. Han rørde seg att og fram.

– Dette gjeld vel også mange av dagens forfattarar?

– Ja, det er eg einig i. Kan eg spørje om det også gjeld i Noreg, som er eit sekulært samfunn?

– Det er eit ope landskap i Noreg. Vi ser ein tendens til at fleire forfattarar interesserer seg for religion også litterært. Slik var ikkje for nokre tiår sidan.

– Slik er det også i Storbritannia, som måtte gå gjennom ei liberalisering på 1960-talet for å nå fram til ei ny interesse for religionen. Ei bok der ti forfattarar skriv små essay om bøker i Bibelen, er såleis ei frukt av liberalismen. Ho kjem i ei tid der det ikkje lenger finst ei autoritativ tolking av bibelteksten, seier litteraturkritikaren.

Les flere artikler fra vårt litteraturbilag som kom ut 18. november.

Kunnskapsløyse

Wood nemner at også Karl Ove Knausgård er interessert i religion. Han meiner det finst ei mystisk, nesten panteistisk side ved den norske forfattaren når han snakkar om naturen.

– Det finst ein rik tradisjon av forfattarar som er påverka av Bibelen, både idémessig og lingvistisk. Dessverre bur desse i liten grad i USA. Kanskje nokre poetar. Men når eg tenker på amerikanske romanforfattarar, med eit par viktige unntak, er dei i hovudsak forfattarar som ikkje les Bibelen i det heile – og heller ikkje kan noko om han.

Wood meiner at forfattarar og kritikarar som ikkje har kunnskap om Bibelen, går glipp av noko essensielt. Kunnskapsløysa hjå amerikanske samtidsforfattarar står i kontrast til ein forfattar som William Faulkner, som kvart år las om att to bøker: Dantes Den guddommelige komedie og Bibelen.

– No er amerikanske forfattarar redde for å gå inn i religiøse spørsmål fordi dei ikkje vil bli assosierte med «George Bush-kristendom». Bush gjorde så stor skade på så mange måtar, meiner Wood.

– I USA i dag kjennest det som ein kamp mellom militante ateistar og militante kristne. Mange meiner at kampen må bli vunnen til fordel for sekularisme. Eg forstår poenget, men frå mitt perspektiv ender dei sekulære ofte med å karikere dei truande. Dei har inga forståing av liberal kristendom eller skjeringspunktet mellom tru og tvil. Å vere i stand til å sjå begge sider, er svært viktig, meiner professoren.

Religiøs bakgrunn

Wood hentar fram russiske Dostojevskij som ein forfattar som var i stand til dette. Dosojevskij var ein djupt truande, men evna likevel å skrive inn sterke argument mot trua, som Ivans klagemål mot Gud i romanen Brørne Karamasov.

– Dette er det romankunsten handlar om. Om ein har ein religiøs bakgrunn, er det ein stor fordel, seier Wood.

– Du vaks sjølv opp ein kristen familie i Storbritannia. Korleis har denne bakgrunnen forma deg som kritikar?

– Eg har mykje å takke for, blant å ha lært kor viktig det er med ord. Mor mi likte til dømes ikkje at eg brukte ordet «luck», som i «good luck». Ho føretrakk «blessing», som i velsigning. Det ligg ei fantastisk utdanning i å ha foreldre som er opptatt ord på dette nivået. Eg er takksam overfor foreldre mine, sjølv om eg også måtte kjempe mot dei, og kjempe mot trua. Kampen min var knytt til det vondes problem. Eg trur ikkje i dag, men er fanga i ateistens motsetning – korleis klandre ein Gud eg ikkje trur på. Det er uansett ein god ting å vekse opp i eit moralsk og metafysisk seriøst miljø. Heile tida blei det spurd etter kva som stod på spel, nemleg frelse for sjela. I mykje moderne litteratur synest eg det står for lite på spel.

– Har denne bakgrunnen gjort deg til ein betre kritikar?

– Ja, det trur eg. Det handlar om forpliktinga på teksten. Og det er ein stor hjelp for meg som kritikar å ha kunnskap om Bibelen. King James-omsettinga frå 1611 har vore den dominerande teksten i engelskspråkleg litteratur i hundrevis av år. Oppgåva for kritikarane har tidlegare vore å gripe fatt i dei politiske kampane som er viktige for samfunnet. Eg meiner at religionen no har tatt rolla til politikken. Å ikkje vere i stand til å snakke om dette, er eit stort problem, seier James Wood.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker