Anmeldelser

Kraftfull bibelhistorie

Den amerikanske undergrunnsteiknaren Robert Crumb lukkast svært godt i å overføre Bibelens første bok til teikneserie.

Bibelen som teikneserie er ikkje eit nytt konsept. Eg hugsar godt dei små bøkene i ulike fargar eg fekk tak i som unggut. Når den amerikanske undergrunnsteiknaren Robert Crumb no har gitt seg i kast med 1. Mosebok, snakkar vi likevel om eit heilt anna nivå. Crumb, som vert rekna som den amerikanske undergrunnsteikneseriens far, tenkte i utgangspunktet å lage ei parodiforteljing om Adam og Eva. Så skulle han i staden bli så fanga av bibelteksten at han bestemte seg for å illustrere Bibelens første bok på respektfullt og uironisk vis.

Friskt blikk. Resultatet er svært tilfresstillande. Crumb nærmar seg bibelteksten med friskt blikk, men står aldri i fare for å forenkle eller forbryte seg mot innhaldet på anna vis. Det er tydeleg at teikneserieskaparen har gått til verket med eit ærleg ønskje om å forstå, og formidle.

Innhaldet i 1. Mosebok skulle vere kjent for dei fleste. Det gjer likevel inntrykk å følgje Crumbs illustrasjonar av alt frå skapinga og syndefallet til Josefs suksess i Egypt.

Svart-kvitt. Crumbs stil er svart-kvitt med utstrekt bruk av skravering. Han teiknar kvinnene frodige og mennene skjeggete. Og alle er gamle, slik ein også får inntrykk av ved å lese bibelteksten – det finst nesten ikkje born i rutene.

Skjegget er eit tydeleg patriarkalsk trekk. Oftast gjeld regelen: Dess lengre skjegg, dess viktigare person. Og Gud har det lengste skjegget av alle.

Samtidig skriv Crumb interessant, i sluttkommentarar til teksten, om kvinnene si viktige stilling i 1. Mosebok. Sjølv om Gud kallar seg Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, vert israelsfolket bestemt gjennom kvinnene. Det er Saras barn som skal bli far til Guds folk. Mens Rebekka tek innersvingen på Isak når det er Jakob som blir velsigna, og ikkje Esau.

Hardkokte scener. Det er i det store og heile lite å utsetje på denne bibelversjonen, sjølv om Crumb fleire stader gjer sine frie tolkingar – til dømes i skildringa av slangen i Edens hage (halvt reptil, halvt demon).

Når det gjeld dei mange hardkokte scenene i 1. Mosebok, opplever eg at Crumb verken spekulerer i dei eller blir for unnvikande. Omskjering kan til dømes skje utanfor biletkanten. Effekten er likefullt sterk.

Det blir ofte sagt at Bibelen som teikneserie eignar seg særleg godt for ungdom. Det er nok sant. Men Crumbs 1. Mosebok – Genesis illustrert er like fin å lese både for ungdom og vaksne. Mens dei minste nok bør halde seg unna nokre år til.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser