Bøker

Knausgård med syndsvedkjenning eller forsvarstale?

Personen Karl Ove Knausgårds karaktersvikt er romanpersonen Karl Ove Knausgårds karakterstyrke.

Plottet tjuknar i Karl Ove Knausgårds seksbandsverk Min kamp. I band fem går Knausgård lengre enn nokon gong i å utlevere sine mørkaste sider, og skriv blant anna om eigen utruskap.

Aller først litt om romantittelen. I meldinga av den første boka var eg avventande til grepet med å bruke Adolf Hitlers boktittel (Min kamp) på eit skjønnlitterært verk. Kvifor har forfattaren Knausgård vald dette, med vitande vilje?

Ein ting er sjølvsagt det grensesprengjande og overskridande som finst i Knausgårds skriving, i både dei tidlegare bøkene hans og i Min kamp-prosjektet. Eit anna aspekt er skildringa av ein tyrannisk far.

Sin indre Hitler. Men under lesinga av Min kamp 5 stig det fram ein skremmande tanke: Knausgård kjempar mot sin indre Hitler. Dette er eit bilete vi ikkje skal dra for langt – det ligg for mange personar i grava til det. Men har forfattaren ønskt å knytte nokre av verdshistorias mørkaste trådar til sin eigen vanvittige vev?

Romanpersonen Knausgård er i alle fall ridd av både skam og stormannsgalenskap. Han kan seiast å dyrke overmennesket, den uforfalska forfattar, og legg for dagen ein manglande empati for dei svake i samfunnet. Samtidig maktar han å sjå seg sjølv utanfrå, og påpeiker sine eigne karaktersviktar med sjølvknusande kraft.

Knausgård går langt i å skandalisere seg sjølv i denne romanen. Det er vondt å lese om den gjentakande utruskapen hans, som munnar ut i eit klagemål om valdtekt. Som lesar er det vanskeleg å ta stilling til Knausgårds påstandar. Romangrepet avslører og tilslører. Er det snakk om syndsvedkjenning eller forsvarstale?

LES OGSÅ: – Ikke nyskapende

Faren som syndebukk. No er på ingen måte Knausgård den første til å angre sine seksuelle synder i bokform. Sjølv om samanlikningar (igjen) fort kan komme ut av proporsjonar, tenkjer eg uvilkårleg på Augustin, som på slutten av 300-talet skreiv den første vestlege sjølvbiografien med Bekjennelser. I eit verk på 13 bøker utleverte Augustin sin tidlegare umoral.

Spørsmålet til Min kamp er om Knausgård i for stor grad brukar sin eigen far som syndebukk. I band fem kjem vi endå ein gong attende til farens død, som vart skildra så sterkt i første bok. Men er det faren som er årsaka til at Knausgård hamnar i buksene på forbodne frukter?

Eg er litt usikker på kor stort Mea culpa-ropet er, når alt kjem til alt. Seier Knausgård eit tydeleg «Mi skuld»? Eller antyder han ikkje også at «fylla har skylda»? I romanen er det særleg alkoholen som gjer Knausgård til ein usympatisk person. I alkoholrus kan alt skje. Det er frigjerande, og samtidig truande – akkurat som Min kamp-prosjektet er det.

LES OGSÅ: Teolog refser Knausgård

Karaktersvikt. I løpet av romanserien har forfattaren, med si lengsle etter estetikk, trødd over ei rekkje etiske grenser. Også denne gongen er det mange problem, og det er uråd som meldar å vite kva som er avklart med dei involverte.

Sjølv synest eg det følgjande problemet er utfordrande nok: Personen Karl Ove Knausgårds karaktersvikt er romanpersonen Karl Ove Knausgårds karakterstyrke.

Dette er forfattaren Knausgård også fullt klar over. Han matar oss med ordet «brest», som vi kjenner frå litteraturvitskapen. Alle heltar må ha ein brest. I Knausgårds bruk av omgrepet «brest» ligg også ei implisitt opphøging til «helt». Ei opphøging gjort av Gud sjølv, skal vi tru draumane til romanpersonen.

Meisterskap. Dersom vi isolerer romanen til det litterære, noko som det er blitt nærmast uråd å gjere, er det klart at Knausgård igjen nærmar seg styrken til første bok. Knausgård, med sin stygge brest, er blitt ein romanfigur av format. Psykologien, refleksjonane, språket, alt løftar seg på nytt. Etter det eg har oppfatta som ei jamt fallande kvalitetskurve utover i verket, er Min kamp 5 tilbake i meisterskapen.

Det skjer i takt med at romanpersonen sjølv får sitt litterære gjennombrot. Er det tilfeldig? Min kamp sluttar ikkje å forundre, fascinere og provosere meg.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker