Anmeldelser

Knallsterkt slavedrama vann Oscar

Noko av det sterkaste du ser på film akkurat no.

Steve McQueens sterke dramafilm 12 Years a Slave vann Oscar-statuetten for beste film i Los Angeles natt til måndag. Og dette er ein film som absolutt er verdt å få med seg. Historia om den frie, svarte mannen som blir kidnappa og seld som slava er noko av det sterkaste du ser på film akkurat no.

Sann historie. Filmen er bygd på boka Twelve years a slave, som Solomon Northup skreiv og gav ut i 1853. Då hadde Northup vore igjennom tolv år med fornedring under ulike slavedrivarar. Regissør Steve McQueen fortel historia hans på ein effektiv og gripande måte, utan å bli sentimental.

McQueen klarer på ein heilt annan måte enn til dømes Quentin Tarantino (Django Unchained) å fortelje historia om slavehaldet i USA på ein relevant måte. Vi får verkeleg kjenne på kroppen korleis det er for ein fri mann å bli fråteken fridomen og hundsa med. Særleg er Michael Fassbender god som brutal eigar av ein bomullsfarm, ein mann som brukar Bibelen til å legitimere slavehaldet sitt. Benedict Cumberbatch, vår alles Sherlock Holmes på BBC, er mildare i slavedrivinga. Ein nyansert rolle, som likevel får fram det forferdelege i det å eige eit anna menneske.

Piskar medslave. Fleire store skodespelarnamn, som Paul Giamatti og Brad Pitt, er innom på dei dryge to timane. Dette er likevel Chiwetel Ejiofors film. Den britiske 36-åringen etablerer Solomon Northup på hundre prosent truverdig vis, anten han blir tvungen til å piske ein medslave eller synge spirituals for ein avdød.

Musikken i filmen, av legendariske Hans Zimmer, er også framifrå. Blandinga av djupe basstonar og skarp perkusjon får fram den fryktelege kjensla av å vere i lekkjer.

12 Years a Slave er ein av filmane du bør prioritere å få sett på kino denne våren.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser