Kultur

Kirkens Nødhjelp-konsert med liding og håp

Det begynte som konsert. Det munna ut i gudsteneste.

Karakteristikken er meint positivt. Eg trudde eg skulle høyre ein vakker førjulskonsert med Kristin Asbjørnsen og Tord Gustavsen. Men då det nyrestaurerte taket i Oslo Domkirke lyfta seg til felles avsynging av «Deilig er jorden» – sunge som protest, erklæring, rop, håpssong – var det med erkjenning av at vi hadde vore med på ei endå større reise. Det var både himmelen og jorda som hadde rykt inn, kvar med sitt, både liding og djevelskap, oppreising og håp.

Sexslave. Hélène Laba Kamana heiter ho, den unge kvinna frå Øst-Kongo som vart teken til fange som 13-åring og utsett for overgrep i tre år. Mange vil hugse henne frå Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2006. Ho aner ikkje kven faren til barnet hennar er, berre at han var ein av mange i militsen som heldt henne som sexslave.

I Oslo Domkirke onsdag kveld brast Hélène Laba Kamana i gråt over si eiga historie. Vi andre var på nippet til å gjere det same. Men der stod ho, midt mellom oss, og fortalde at ho elskar dotter si på sju, og at ho hadde eitt år igjen av jusstudiet og vil jobbe med å forsvare valdtekne kvinners rettar.

Sterk historie. Slike historier får vi ikkje ofte på konsert. Så var dette også ei spesiell konsertoppleving, arrangert av Kirkens Nødhjelp. Lars Saabye Christensen deltok også; han har besøkt KNs arbeid i Afrika.

Kristin Asbjørnsen og pianist Tord Gustavsen, med bassist Gjermund Silset og perkusjonist Rolv Olav Eide, ramma inn kvelden med musikk som gjekk til kjernen av kva det heile handla om: liding og håp. Er det ikkje nettopp det Kristin Asbjørnsens spirituals handlar om? Og det som gjennomsyrer Tord Gustavsens sjelfulle musikk?

Det var ein sterk kveld i Oslo Domkirke. Ein kveld der menneskeleg erfaring og liding møtte bodskapen om glede, fridom og håp. Det skaper engasjement. Og der hjarte blir sette i brann, er alt mogleg.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur