Film

Kan robotane lære oss å elske?

Fleire aktuelle filmar, bøker og TV-seriar tek opp spørsmålet om kunstig intelligens. Her finst det etiske utfordringar som kjem til å bli stadig større i åra som kjem.

KOMMENTAR: I morgon har spelefilmen Robocop premiere i norske kinosalar. Mange hugsar Paul Verhoevens film frå 1987, som blei ein stor suksess. No har den brasilianske regissøren José Padilha laga ein oppdatert versjon, med Joel Kinnamann i hovudrolla som halvt menneske og halvt robot. Her står det ikkje mindre på spel enn spørsmålet om den frie vilje.

Tanken om ei mogleg foreining av menneske og maskin er ikkje ny, men går attende til antikken. Lenge før Jesu tid hadde greske vitskapsmenn arbeidd med mekaniske representasjonar av liv. Frå kinesisk historie kjenner vi til omtalar av artifisielle, flygande trefuglar. Mens Leonardo da Vinci skisserte sin menneskeliknande robot mange hundreår seinare, i år 1495.

Først dei siste tiåra er forskinga på kunstig intelligens komen så langt at vi ser konturane av eit reelt samfunnsmessig skifte. Microsoft-grunnleggaren Bill Gates er berre ein av fleire som har varsla ein føreståande robotrevolusjon. I 2007 skreiv Gates ein artikkel i tidsskriftet Scientific American, der han meinte at robotar snart blir ein naturleg del av ein kvar heim. Utviklinga har gått i ei rasande fart sidan dataingeniørar begynte å konstruere dei første sjakkmaskinene. Det er faktisk ikkje meir enn 17 år sidan IBM-maskina Deep Blue slo dåverande verdsmeister i sjakk, Garry Kasparov, omtrent på same tida som internett var i ferd med å bli allemannseige. I dag kan du bestille din eigen robot på internett.

Simulert medvit. I takt med utviklinga av kunstig intelligens må vi stille spørsmålet: Kor intelligente kan maskinene komme til å bli? Kan dei utvikle ei form for medvit, anten dette er simulert eller ikkje? Mange synest nok at utviklinga er skremmande, slik temaet har vore gjenstand for ei rekkje filmar og bøker i mange tiår – der maskinene trugar med å øydelegge for menneska (som i Stanley Kubricks 2001: A Space Odyssey) eller å ta over herredømmet over jorda (som i Alex Proyas I, Robot). I morgondagens premierefilm Robocop har skepsisen nedfelt seg i ei lov, The Dreyfus Act, som forbyr menneskeliknande robotar på amerikansk jord. Sjefen for det store teknologifirmaet OmniCorp, Raymond Sellars (Michael Keaton), set difor forskarane sine – leia av Dr. Dennett Norton (Gary Oldman) – til å lage ein hybrid som omgår lovgivinga. Den eksplosjonsskadde politimannen Alex Murphy (Joel Kinnamann) blir plukka ut til å vere brekkstanga inn i den amerikanske marknaden – ein superpurk som er både menneske og robot. Robocop skal gjere den amerikanske opinionen så positivt innstilt til robotar at politikarane blir nøydde til å trekke The Dreyfus Act attende.

Skrekkscenario. Dei etiske spørsmåla står i kø ved eit slikt eksperiment. Samtidig tydeleggjer Robocop det som i eit framtidig skrekkscenario kan komme til å bli den glidande grenseoppgangen mellom maskin og menneske. Den nemnte Dreyfus seier i filmen at berre menneske som kan skilje mellom rett og gale, kan dømme mellom liv og død. Kva føler ein robot som drep eit menneske? Sidan svaret i utgangspunktet er ingenting, representerer Robocop ei utfordring: Han har eit samvit. Men samvitet kan justerast av forskarane som har implementert ein kunstig intelligens i den fysiske hjernen hans. «Medvit er berre bearbeiding av informasjon,» seier Dr. Norton som fiksar Robocops hjerne. Programvaren kan på gitte tidspunkt – til dømes i kamp – ta over for samvitet. Kva står vi att med då? Jo, ein illudert fri vilje. Kva er då eit menneske, for å spørje med salmisten i Bibelen.

Lærer av feil. Slik kristne trur Gud skapte mennesket med ein fri vilje, presenterer Robocop eit univers der forskarane kan illudere noko av den same frie viljen. Og sjølv om dette framleis er science fiction, er det nettopp noko som kunstig intelligens-forskinga siktar mot. Evna til å lære av sine eigne feil og trekke nye konklusjonar på bakgrunn av desse, står sentralt. Korleis få eit kunstig utvikla system til å ta sine eigne val utanfor det programmerte?

I den Oscar-aktuelle filmen Her, som hadde premiere i førre veke, er kunstig intelligens-debatten tatt endå eit steg lenger. Her dreier det seg nemleg også om kunstig utvikla kjensler. Filmen, som har Joaquin Phoenix i hovudrolla, handlar om ein mann som forelskar seg i operativsystemet sitt («Samantha»). Det som kjenneteiknar Samantha, bortsett frå at ho er smart, morosam og har ei sexy stemme, er at ho forelskar seg i brukaren sin, Theodore. Det er eit kunststykke av regissør og manusforfattar Spike Jonze å gjere plottet truverdig når Theodore sjølv blir forelska i Samantha og spring jublande rundt på strendene med ein mobiltelefon (med kamera) i brystlomma.

Samtidig: Er ikkje dette eit spissformulert bilete på vår tid, der sosial medier og internettporno trugar den fysiske omgangen mellom menneske i kjøt og blod?

Testspørsmål. Allereie i 1956 formulerte Alan Turing ein standard for kva som må til for å kalle ei maskin for intelligent. 1) Ho må kunne gjenkjenne og generere naturleg språk for å kommunisere som eit menneske. 2) Ho må lagre informasjon for å representere erverva kunnskap. 3) Ho må resonnere basert på lagra informasjon og trekke nye konklusjonar. 4) Ho må kunne lære for tilpasse seg nye omstende og trekke ut mønster.

Samantha (med stemmen til Scarlett Johansson) er alt dette, med meir. Og ho er ikkje eingong ein android, altså ei menneskeliknande maskin. Ho er eit operativsystem, og representerer dermed noko platonisk eller abstrakt. Likevel er det Samantha som skal få Theodore opp frå tristessen etter eit samlivsbrot og gi han nytt håp. I forholdet til operativsystemet har han alt han kan ønskje seg. Eller har han det?

Kjærleik. Kjærleiken er ei drivande kraft også i Robocop, der det store spørsmålet er om Murphy framleis klarer å kjempe for kona og sonen sin, sjølv med eit menneskeleg medvitsnivå på minimum. Regissør Padilhas «remake» er overraskande interessant til å vere ein science fiction-film frå Hollywood, om han ikkje er like original som Jonzes Her. Og der sistnemnte film klarer å etablere eit truverdig, om enn nedslåande, vrengebilete av vår eiga samtid, er parallellane til dagens samfunn er langt ifrå usannsynlege i Robocop. Til dømes blir dronar i dag brukte i krigføring og overvaking over heile verda (rundt 50 land hadde eigne dronar i fjor), og land som Israel, Iran og Kina har utvikla sine eigne modellar. I Robocop brukar USA krigssoldatar til å vedlikehalde lov og orden i Teheran. Rett nok er det eit visst komisk drag over det heile når dei våpentunge maskinene marsjerer gjennom dei iranske gatene og seier «As-Salamu Alaykum» («Fred vere med deg») med metallisk røyst. Dei har ikkje eit like utvikla «naturleg språk» som Samantha i Her, men framstår som testosteronsprengte slåsskjemper der Samantha er ein fredsæl filantrop.

Peikar til oss. Robotane i Robocop gir også visse assosiasjonar til våre dagars «annleisgrupper», som homofile. Motstanden mot robotar blir såleis omtala som «robofobi» av forkjemparane. Slike peikarar inn i vårt eige samfunn er typisk for science fiction-sjangeren. Vi ser det også i ein TV-serie som svenske Äkta människor, som nyleg har gått på SVT1. Denne går føre seg i eit alternativt, notidig Sverige som har utvikla «hubotar» – menneskeliknande robotar med kjensler. Samkjønna ekteskap, illegal innvandring og framandfiendskap er tre av fleire aktuelle samfunnstema denne serien tek for seg.

Alle desse kunst- og kulturuttrykka viser oss at likevel at det er eitt tema som er på veg til å bli meir aktuelt enn vi likar å tenke på: Kva skjer om mennesket skulle klare å skape maskiner som nærmar seg den frie vilje? I siste instans: Kan ein robot ha moral, for ikkje å snakke om ein religiøs impuls?

Etiske retningslinjer for robotar, kalla roboetikk, har allereie vore diskutert i forskarkrinsar i fleire år. Ifølgje Jim Tørresen, som nyleg har skrive boka Hva er kunstig intelligens, har EU finansiert forskarprogrammet ETHICBOTS, meint for å identifisere og analysere teknoetiske utfordringar i ei ny tid. I Michael og Susan Leigh Andersons bok Machine Ethics (2011) blir det diskutert kvifor og korleis ein kan inkludere etiske dimensjonar i maskiner som skal fungere på eiga hand.

Det er vanskeleg nok med etikk for menneske. Korleis skal det bli med etiske robotar? Sikkert er det iallfall at vi ikkje kan avfeie alt dette som tøys. Robotrevolusjonen er i gang, og ein dag kjem han plutseleg heim til deg.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film