Kultur

Justin Biebers mor vart råda til å abortere vekk sonen

Har laga film mot abort.

Bieber-fans over heile verda kan bokstaveleg talt takke Pattie Mallette og trua hennar for at superstjerna eksisterer. Dersom Mallette ikkje hadde blitt kristen før graviditeten som 18-åring, så hadde ho gitt etter for presset og abortert vekk sonen Justin.

Det fortel ho i sjølvbiografien Nowhere But Up. Boka gir eit innblikk i Mallettes fortid der ho opplevde seksuelt misbruk, var i stadige konfliktar med politiet, misbrukte rusmiddel og til slutt fann fram til Gud.

Prislønna film. Den kanadiske mora har uttalt at ho er abortmotstandar, eit standpunkt som også sonen Justin har. No har mora til superstjerna produsert anti-abort filmen Cresendo som hadde premiere i slutten av februar. Så langt har den hausta elleve internasjonale prisar.

Sjå trailer for kortfilmen her.

Senter for gravide. Målet med kortfilmen er å samle inn ti millionar dollar til ulike senter for gravide i USA. På filmens heimeside kan ein kjøpe rettar til å vise den for større forsamlingar og slik samle inn pengar til formålet. Bak produksjonen av filmen står den frivillige organisasjonen Movie to Movement som står bak. Organisasjonen produserar og distribuerar filmar som promoterar menneskeverd. I løpet av året vil Cresendo bli vist på over 1.000 arrangement.

LES OGSÅ: Justin Bieber: Sett Gud og familien først

Beethoven. Filmens tema er eit anna, og i mange sine auger mykje større musikalsk talent, som heller ikkje skulle få sjå dagens lys. Mora til Ludwig van Beethoven forsøkte å ta abort, i tillegg til å ta sitt eige liv, men ettersom ho ikkje lukkast, overlevde både ho og sonen. Sonen utvikla seg til å bli ein av dei største komponistane i musikkhistoria.

LES OGSÅ: Justin Bieber: Ville gå i Jesu fotspor kringsatt av paparazzi-fotografer

– Ikkje film mot abort. Bibers mor hevdar likevel at det ikkje er ein film mot abort.

– Temaet er ikkje anti-abort. Det er ei historisk, sann historie om mora til Beethoven. Då eg var gravid med Justin budde eg heile tida på eit graviditetssenter. Difor vil eg samle inn pengar til dette. Om du er mot abort eller ikkje så trur eg alle vil hjelpe unge, gravide jenter som treng ein stad å vere, seier ho til NBC News Today.

Vil oppmuntre. I tillegg til at filmen skal hauste pengar til sentra, håpar Biebers 37-år gamle mor at hennar innsats skal «oppmuntre unge mødrer over heile verda, slik som eg var, til å vite at det fins ein stad for deg å gå til, folk som vil ta vare på deg og gi deg ein trygg heim å leve i dersom du ikkje har nokon annan stad», skriv National Post.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur