Film

Iransk filmperle

Nader og Simin – Et brudd er eit intenst og meisterleg drama frå ein moderne iransk kvardag.

Eg kan like godt seie det først som sist: Den iranske regissøren Asghar Farhadi har laga ein glitrande film. Nader og Simin – Et brudd har både det spennande innhaldet, det nyanserte og nydelege skodespelet, den visuelle estetikken og den etiske dimensjonen på plass.

Vi møter eit par som er i ferd med å skilje seg. Simin (Leila Hatami) ønskjer å ta med familien utanlands for å gje dottera Termeh (Sarina Farhadi) betre oppvekstvilkår enn ho kan få i Iran. Mannen Nader (Peyman Moaadi) ønskjer derimot ikkje å flytte frå den Alzheimer-sjuke faren (Ali-Asghar Shahbazi). Dersom han held på sitt, vil Simin ha skilsmisse. Mens situasjonen enno er uavklart – Simin flyttar midlertidig heim til foreldra sine – må Nader hente inn ei hushjelp som kan passe faren og vaske i huset mens han sjølv er på jobb.

Trøbbel. Kvinna han hyrar inn, Razieh (Sareh Bayat), viser seg å ha trøbbel med å skjøtte jobben sin ordentleg. Arbeidsforholdet kulminerer med at Nader kjem heim og finn faren sin liggande på golvet, bunde fast med den eine armen til senga. Han blir rasande, og seier opp Razieh straks ho kjem attende frå det ho meiner har vore eit nødvendig ærend.

I krangelen skjer det fatale: Nader gir Razieh ein liten dytt på veg ut døra. Razieh snublar og fell nokre trappetrinn. Litt seinare får Nader høyre via Simin at Razieh er hamna på sjukehus. Razieh har vore gravid, og fallet i trappa førte til at ho mista den 4,5 månader gamle ungen. Snart sit heile gjengen samla i den lokale retten, der Nader blir klaga for mord.

Mange nyansar. På dette tidspunktet har vi opparbeidd sympati både for Nader og Razieh. Det er svært lite svart-kvitt over Asghar Farhadis framstilling, tvert om utviklar historia seg vidare i eit vell av nyansar. Visste Nader at Razieh var gravid då han puffa henne? Det nektar han for. Om retten finn at han var klar over det, risikerer han fengselsstraff på mellom eitt og tre år.

Samtidig som «rettssaka» tek fleire vendingar undervegs, ligg også samlivshistoria og lurer under skorpa. Dottera Termeh, som blir spela av dottera til regissøren, lir under brotet mellom foreldra og ønskjer at dei skal flytte saman att. Når filmen går mot slutten, skyv tyngdepunktet seg attende mot brotet der alt starta.

Rik filmtradisjon. Iransk filmar er blant dei rikaste og artistisk mest interessante i verda. Dessverre har fleire filmskaparar måtta vise filmane sine utanfor heimlandet, på grunn av sensuren. Det gjeld blant anna både Abbas Kiarostami (meldt ein annen stad i denne avisa) og Jafar Panahi. Sistnemnde, som er kjent mellom anna for Offside (2006) og This is not a film (2011) er dømd til seks års fengsel og har fått tjue års forbod mot å lage film.

Asghar Farhadi får derimot halde på. Nader og Simin – Et brudd inneheld små stikk mot levevilkåra i Iran, men skildrar menneske som må seiast å vere så gudfryktige at det iranske regimet ikkje kan bannlyse filmen. Når nettet strammar seg skikkeleg til på slutten, er det nettopp motivert utifrå gudsfrykt.

Etiske dilemma. Er Farhadi ein mindre viktig regissør enn Panahi eller Kiarostami ettersom han ikkje er bannlyst? Det ville vere å redusere stor filmkunst til politikk. Nader og Simin – Et brudd skildrar eit moderne Iran med store og små konfliktar, store og små løgner, store og små etiske dilemma. Slike filmar er det viktig at iranarar får sett fleire av.

Det same gjeld oss nordmenn. Her er det berre å stake kursen ut mot nærmaste kinosal.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film