Kultur

Himmelvendt og jordnært frå Jon Fosse

Fosse samtalar ikkje berre med den bibelske tradisjonen, men også med den lyriske.

I år er det ti år sidan Jon Fosse gav ut diktsamlinga Auge i vind. Sidan denne har han gitt ut ei samling med «songar» i 2009, dikt skrivne for tonesetting av musikaren Gabriel Fliflet. Med Stein til stein har han vendt attende til frie vers, som for så vidt er konvensjonen i den norske samtidslyrikken. Fosse fornektar seg likevel ikkje, og inkluderer denne gongen ein salme mellom dei 39 dikta. «Nattsalme» er også tatt med i den nye norske salmeboka. I Stein på stein utgjer denne salmen det som må kunne seiast å vere eit samlingspunkt for tematikkane og trådane Fosse arbeider med i resten av diktboka.

Religiøse ord. Allereie tittelen gir fleire assosiasjonar både i retning skrivearbeidet, livslagnaden og religionen. I Fosses dikting kling det umiskjenneleg av religiøse ord og tankebygningar, innanfor eit univers som godt kan ha Kristus som hjørnestein. Diktaren sjølv tek ikkje så eksplisitte markørar i bruk, men skriv i staden fram eit språk som er like fullt av paradoksar som den kristne trua. Eit godt døme er diktet «Sky av lys»:

ikkje eit lys

men ei sky av lys ei sky

av mørker

som er eit lys som ikkje skil

mellom lys og mørker

i ei sjel som ikkje er ei sjel

i ei natt som er både dag og natt

og som verken er dag eller natt

ein tanke som ikkje kan tenkjast

eit syn som ikkje kan sjåast

ei utstrekning som ikkje er utstrekt

eit hav og ein himmel

som ikkje finst til

og som er

det som er

Mystikaren Fosse. Ordparet lys og mørker gått att i mykje av Fosses dikting, slik det har stått sentralt både i kristendommen og i den vestlege litteraturen sidan skapingssoga i 1. Mosebok. I det siterte diktet ser vi også mykje av mystikaren Fosse, som dels skjuler seg, dels trer fram, slik Fosse også dels skjuler seg, dels trer fram med dikt som er skrivne endå tydelegare opp imot den kristne tradisjonen. «Nattsalme» er det naturlege punktumet, i denne diktsamlinga, for rørsla mot Gud. Ei rørsle som samtidig er ei rørsle mot kvart enkelt menneske:

Det finst ei jord som opnar opp

sitt djup av svarte natt

og løyner både sjel og kropp

til ingenting er att

Det finst ei natt som møter deg

og tek deg mjukt imot

og lèt deg kvila æveleg,

di hand, di sjel, din fot

Det finst frå Gud i alt som er,

i jord og nattevrimmel,

di sjel er hans, du er hans verd,

du lyser fram hans himmel

Dei siste to verselinjene er noko av det sterkaste diktaren Fosse har skrive – ei innsikt djupare enn det meste anna. «Nattsalme» er kanskje kjent av mange frå før, men i tillegg vil eg seie: For ein meisterleg måte å avslutte ei diktsamling på! Og for å ta eit humoristisk sprang bort frå alvoret: Karl Ove Knausgårds «widescreenhimmel» (den einaste formuleringa som vart att då Knausgård hadde Fosse som skrivelærar i ungdommen) bleiknar i forhold.

Tradisjon.

Eg kan ikkje komme nærmare inn på alle dikta i ei melding som dette, men registrerer at Fosse ikkje berre samtalar med den bibelske tradisjonen, men også med den lyriske: Her er dikt inspirerte av og skrivne etter eller til både Georg Trakl, Rainer Maria Rilke (ei gjendikting), Wallace Stevens og Li Po samt norske Georg Johannessen og Rolf Sagen! Knippet av namn er interessant i seg sjølv og seier også noko om kva retning Fosse kikkar når han skriv lyrikk.

Elles er det klart at det krev stort mot å skrive så mange «enkle» dikt som Fosse gjer i denne samlinga. Fleire av dikt uttrykkjer innsikter eller sanningar som grensar mot det banale, om ein ser på dei med raske augekast. Om vi derimot vågar å bli i dikta over lenger tid, får dei verke i oss på nye måtar. Og vi ser slektskapen med både kinesiske diktarar som Li Po og vår heimlege Olav H. Hauge.

Om eg skulle nemne ein annan norsk diktar som gir meg noko av den same kjensla, ville eg sagt Paal-Helge Haugen (les særleg Kvartetten og den eldre Steingjerde). Ta det til dykk, de som vil!

Stor lyrikk. Jon Fosse viser med Stein til stein at han kan vere ein himmelvendt og samtidig jordnær lyrikar. Han skriv om fjell, om sjø, om jord, stein og vind i samspel med vilje, rørsle, himmel og lys. Steinane han viser oss, langs karrig landskap og på tvers av strie elver, er til støtte og kvile, ikkje til å snuble i. Dikta er vakre som musikk: Dei finn rotfeste i moll og strekker greiner oppover som spirande lauvtre i dur. Og utan at eg alltid ser ting klart for meg, har eg ei klar kjensle av kvar diktaren vil.

For å gjere det heilt klart i denne meldinga: Stein til stein inneheld mykje stor lyrikk, slik dikta talar med djupet i oss sjølve. La oss lese «Eit andlet opnar seg» til slutt:

I

eit andlet opnar seg

over sjøen

fjella

og bakkane eit andlet opnar seg

med skyer og vind i håret eit andlet opnar seg

stort som himmelen

og ser på oss med augo av stjerner

der vi sit i husa våre

i båtane våre

og ikkje ser

det store andletet

i oss

II

det store andletet bøyer seg ned

mot oss

og andar sin vind

inn i oss

og vi andar og andar

det store andletet

og vi skjønar

sjølv om vi ikkje ser

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur