Musikk

Hadde alt, spanderer kyrkjekonsert

Sunnmørskvinne bruker frå «kontoen for glede».

På søndag spelar Knut Reiersrud og Iver Kleive konsert i Herøy kyrkje. Det er kanskje ikkje så oppsiktsvekkande i seg sjølv. Men bakgrunnen for konserten er av det uvanlege slaget. Alette Teige i Herøy fylte nettopp 50 og følte at ho hadde alt. Difor ønskte ho å spandere ein kyrkjeblueskonsert på dei sunnmørske medborgarane sine.

Ifølgje Sunnmørsposten tek den nyslåtte 50-åringen seg sjølv lite høgtideleg, der det mellom anna står følgjande på konsertplakatane: «Ikkje vart ho fotomodell, ikkje reiarfrue, ei heller gift med ein biskop, slik at han kunne vere bisp ute og ho inne, neida, svigerforeldra døydde barnlause.»

I eit intervju med Vestlandsnytt seier Teige at ho har absolutt alt ho treng materielt. Ho seier vidare at ho har råd til å spandere ein konsert med to toppmusikarar som Reiersrud og Kleive, ettersom ho aldri har hatt verken «bil eller mobil». I heile sitt yrkesaktive liv har ho brukt tråsykkel, og sett ubrukte bensinpengar inn på «kontoen for glede».

Konserten er gratis, men det vil bli teken opp kollekt til Kirkens Nødhjelp-prosjektet «Kvinner bærer halve himmelen», ein støtteoperasjon for valdtekne kvinner i Kongo.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk