Film

Går tett på Snåsamannen

Margreth Olin er nesten ferdig med opptaka til den kommande filmen om Joralf Gjerstad. I filmen får vi sjå korleis han møter menneske som søker hjelp.

– Finst det nokon i Noreg som møter enkeltmenneske på den måten Joralf Gjerstad gjer det, spør Margreth Olin.

– Vis meg den personen, så skal eg lage film om han.

LES MER: Snåsamannen tydeligere på kristentroen

Den kritikarroste filmskaparen står midt i prosessen med å lage dokumentarfilm om Snåsamannen, som han heiter på folkemunne. «Trollgubben» er han blitt kalla i familien, ein familie som Olin har hatt kjennskap til i mange år. Utgangspunktet for dokumentaren er personleg, slik det alltid er når Margreth Olin lagar film. Men først etter å ha bora seg djupt ned i ulike fasettar av vondskap, slik ho ikkje minst opplevde det gjennom dokumentaren De andre, kunne ho lage ein film om «godleikens vesen». På filmfestivalen i Tromsø i går kunne Olin fortelle at 95 av opptaka er gjennomførte, men at filmen ikkje er hamna på klippebordet enno. Etter planen skal han ha premiere til hausten, mest truleg den 4. september.

LES MER: Snåsamannen tjente best blant helbrederne

– Korleis har Joralf Gjerstad opplevd filmprosessen?

– Joralf har møtt meg veldig opent og generøst. Han ser behovet for at han ikkje berre kan fortelje, men at vi må få sjå han i møte med pasientar, seier Olin til Vårt Land.

LES MER: Snåsamannens evner blir svakere

22 nye møte

Eigentleg har Gjerstad, som er 89 år gammal, slutta å ta imot trengande. Men då han gav samtykke til at Olin kunne lage filmen, gav han samtidig samtykke til å ta imot nye personar som søkte hjelp. I alt har Olin filma 22 møte med pasientar, i tillegg til nokre som har dukka opp tilfeldig undervegs.

– Det er viktig å presisere at han ikkje tek imot fleire personar no, seier filmskaparen.

Gjennom livet har Gjerstad ifølgje Olin sitte frivillig på 34 dødsleie og hjelpt eit titusentals menneske som har oppsøkt han på Snåsa. Han har aldri tatt betaling, men skjøtta jobben sin på meieriet og som klokkar i kyrkja.

Filmskaparen kan fortelje at både ho og Gjerstad lurte på om filmkameraet ville påverke møta hans med menneske.

– Joralf ville jo først og fremst vere til stades for dei som kom til han. Men eg trur måten hans å møte folk på, er tilnærma slik han er utan kamera. Eg har også sett han i mange situasjonar der eg ikkje har filma, seier ho.

Då ho gjorde opptak, braut ho aldri inn i situasjonane, men lét Gjerstad styre dei.

LES MER: Snåsamannen vil ikke spå Lotto-rekka

Viktig tillit

– Kor viktig for filmen var det med kjennskapen du hadde til familien hans frå før?

– Det trur eg var veldig viktig. Fordi eg har vore saman med sonen til kusina hans, har han vore nysgjerrig på kven eg er. Det er fleire som har ønska å lage film om han, og han har alltid sagt nei.

Gjerstad har også sett nokre av Olins filmar, og uttrykt at ho respekterer menneske uansett kven dei er.

– Og det gjer eg. Eg møter heller ikkje Joralf med fordommar, og det har vore avgjerande for at eg får ta del. Det er tillitsrelasjonen som gjer denne filmen mogleg, seier ho.

LES MER: Halvparten tror at Snåsamannen kan helbrede

Viste klipp

I går viste Olin klipp frå råmaterialet på filmfestivalen i Tromsø. Der fekk vi sjå ei 11 år gamle jente som kjem til Snåsamannen med uro i kroppen og låsingar i nakken. Handspålegging og småprat gir ungjenta ei oppleving av at nakken blir mykje betre, så mykje betre at ho kjem på gråten. Olin vil ikkje seie noko om kor vidt folk faktisk blir lækja i dei møta ho har filma, men oppmodar folk om å sjå filmen når han kjem til hausten.

– Kva har denne filmprosessen gjort med deg?

– Ingen går upåverka frå eit møte med Joralf. Eg får mange spørsmål, som eg også har stilt han. Filmen blir også ein prosess om meg som menneske, og kva som er viktig i mitt liv. Det er både noko personleg og knallhardt arbeid. Eg er opptatt av at folk skal kunne sjå filmen uansett om dei trur på Joralfs evner eller ikkje.

– Filmen er ikkje meint som prov på evnene hans?

– Nei. Men uansett kva ein meiner om desse evnene, har Joralf Gjerstad ein posisjon i Norge som gjer at folk kan gå ope i møte med filmen.

LES MER: Snåsamannen: Umulig å snakke med de døde

Droppa 3D

– Då vi snakke om filmen på filmfestivalen i Berlin i fjor, var planen å lage han i 3D. Kvifor blir ikkje dette noko av?

– Eg gjekk bort frå det, både av budsjettgrunnar og fordi det eg skal fange i denne filmen er så finstilt. Joralf er ein svært karismatisk person. 3D ville blitt eit filter meir enn ei hjelp til å opne nye dimensjonar. Dei dimensjonane er der allereie, seier Margreth Olin.

– Og då eg fortalte Joralf at det ikkje blei 3D likevel, svarte han: «Det er heilt ’rektig’, det.»

Følg oss på Facebook og Twitter

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film