Bøker

Eit poetisk liv frå Jæren og ut

I biografien om Åse-Marie Nesse kjem ein så nær eit anna menneske som det i det heile er mogeleg i ei skriven livssoge, skriv Bjarte Botnen.

Åse-Marie Nesse var fødd 1934 i Klepp på Jæren og døydde i 2001. No har Elisabet Vallevik Engelstad frå Ulvik og Oslo katedralskole skrive ein heilt spesiell og levande biografi om henne. Ein kjem her så nær eit anna menneske som det i det heile er mogeleg i ei skriven livssoge.

Vidopen verd. Åse-Marie Nesse var vellukka, ho var ein suksess. Jenta vaks opp i ein god kristen heim, var flink på skulen og alt ordna seg til det beste. Ho levde i same landskap som Arne Garborg, men det han oppfatta som «det mørke fastland», var for henne «det lyse fastland». Men ho vende seg mot havet, skriv biografen.

Sjølv skreiv ho dette om utsynet sitt: «Framføre meg ligg verden vidopen, ein tredelt verden av jord, hav og himmel, og havet er eit blått belte på midten av verden, eit blått belte med glitrande spenne av gull. Og marka er sveipt i eit jordfarga stoff, brodert med sølvstrå og nyutsprungen lyng. Men kva er himmelen over det heile? Ei hette med himmelblått silkefôr - og eit par kvite bomullskyer til pynt! Kvar einaste sommar i snart tjue år har eg vendt tilbake hit, frå mitt eksil i hovedstaden. Og alltid kjendest det som eg kom eit lite stykke lenger fram. For alle vegar går innover. Og vegen ut er vegen heim.»

Røter og opphav. Ein litteraturgranskar har sagt at Nesse er eit døme på kor langt ein diktar kan gå i lærdom og global orientering utan å sleppa tak i eigne røter og opphav. Det høyrest rett og sant ut.

Sju år gamal lydde ho til Matias Orheim på bedehuset: «Kor mykje stort, kor mykje gildt, kor mykje herlegdom...Herlegdom.»

Elisabet Vallevik Engelstad har vore ein trottug maur og sanka inn kunnskapsbitar frå mange kantar, og slik får vi høyre om den kristne russejenta som går heim når dei andra tek til å danse. Kulturkollisjon seier vi no.

Så vert det meir utdaning, lærarår, ut i verda, Goethe og Weimar, USA, Mexico, Indonesia og mykje anna. Eit poetisk liv kan vere fartsfylt. Og det er menn og det er kjærleik. Men det går som ein slags undertone gjennom boka at mennene aldri greide å leve opp til kjærleiken, det er ikkje lett for røynda å halde fylgje med meisterverka i lyrikken frå den tyske romantikk.

Formidlar og kunstnar. Åse-Marie Nesse var ikkje feilfri, men eg kan ikkje kritisere andre som vantrivst med møter og komitear, og som heller tok ein tur til Weimar. Og om universitetslektoren ikkje elska instituttlivet, så var ho på topp som pedagog og formidlar - og ho var kunstnar og litt sumarfugl.

Men samstundes var ho både flink og pen, og etter 1968 var det andre saker enn 200 år gamle spanske og tyske dikt som kom på demonstrasjonsplakatane. Ho vart mobba, først og fremst av di ho ikkje var moderne nok, men Nesse var nok ikkje den einaste som hadde sine tvil om den væpna revolusjonen. Kva stemde ho på, det seier ikkje biografen noko om?

Ho er på ein måte for flink, sa Olav H. Hauge, og det er ei meiningslaus fråsegn, men eg skjønar kva han vil seie. Og vi bur i eit utruleg gildt land, men vi likar ikkje ordet finkulturell. Som det alt er sagt, så var Åse-Marie Nesse både globalisert og nasjonal. Etter at faren brått døydde, skreiv ho: «Ein mann tar seg tid til å tenke/på andre og hente og vente/han får ingen medalje.»

Mennesket bak. 20 bøker skreiv ho sjølv, meir enn 30 bøker var gjendiktningar. Ho engasjerte seg i Pen-klubben, ho underviste og ho deklamerte dikt. Lesarar og lydarar hadde og har ho framleis. 67 år gamal måtte ho gje opp kampen mot sjukdomen, men tekstane lever vidare. Og takka vere Elisabet Vallevik Engelstad har også diktaren og mennesket bak blitt synleg for oss med sitt mangfaldige, rike liv.

Nesse-biografien er full av kunnskap og innsyn frå fleire kantar, og resultatet er at eit liv stig fram, nærmast frå eit alveland. Her er det gjort eit framifrå arbeid, og det har vore ei stor glede å lese Åse-Marie Nesse og hennar poetiske liv.

Les flere anmeldelser i papiravisen:

• Kjersti Juul anmelder essaysamlingen I takt og utakt om forholdet mellom brødrefolkene Sverige og Norge.

• Guttorm Lien anmelder en ny CD i serien der organist Christopher Herrick spiller fyrverkerikonserter på verdens bester orgler.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker