Kultur

– Ein god nordmann

Samuel Steinmann, den siste overlevande av dei deporterte norske jødane, blei i dag heidra med avduking av eit portrett.

På dagen 72 år etter at slaveskipet «Donau» 26. november 1942 la frå kai med Steinmann og 531 andre norske jødar ombord, vart Knut André Vikshålands portrett avduka i Gamle Festsal i Urbygningen på Universitetet i Oslo.

Ein glad Steinmann sa at han håpar at dei som for ettertida ser biletet av han, tenkjer ikkje berre på han som den siste overlevande, men på dei som ikkje overlevde.

– Det er universitetet i oppgåve å minnast historia, understreka rektor Ole Petter Ottersen. Avdukinga skjedde i samarbeid med HL-Senteret.

LES OGSÅ: Steinmann frykter nytt jødehat

772 vart deportert

Kunstnaren blei inspirert til å måle Steinmann etter å ha sett og høyrt han i filmen Trikken til Auschwitz.

Etter at førsteutkastet til måleriet var ferdig, starta Initiativtakar Nanna Segelcke arbeidet for å få ei offisiell avduking. Det skjedde i går med mellom andre HKH kronprins Haakon til stades. Både kunnskapsminister Thorbjørn Røe Isaksen og statsråd Vidar Helgesen var med.

Berre 34 av dei i alt 772 deporterte norske jødane overlevde. Steinmann bygde opp att seg sjølv, stifta familie, etablerte seg økonomisk og deltok i oppattbygginga av det jødiske samfunnet i Oslo, påpeika forstandar Ervin Kohn i Det Mosaiske Trossamfund.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– God nordmann

Forfattar og forleggjar Håkon Harket gav tidlegare i år ut boka Paragrafen – historia om «jødeparagrafen» i Grunnlova av 1814. Dei tre fremste Eidsvoldsmennene bak denne skampletten var Georg Sverdrup, Christian Magnus Falsen og Nicolai Wergeland.

– Aldri har Nicolai Wergeland teke meir feil enn då han sa at «en sann jøde aldri kan bli en god borger». Samuel Steinmann har alltid lagt vekt på å vere ein god nordmann, sa Harket.

LES OGSÅ: Politiet ber norske jøder om unnskyldning

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur