Bøker

Diktar med babylonsk harpe

Med Arnfinn Haram døydde ikkje berre ein skarpskodd samfunnsdebattant og polemikar, men også ein stor poet.

Dominikanarmunken Arnfinn Haram hadde mange gåver. Han var først og fremst menneske og munk, men også eit vandrande teologisk fakultet, ein vektig samfunnsdebattant og ein vittig polemikar. Tida si her på jorda brukte han godt. Han vann seg vener og samtalepartnarar i mange leirar, og han deltok i den offentlege samtalen med ei tydeleg og klar røyst.

Då han døydde i fjor sommar, var Haram godt i gang med revisjonen av ei diktsamling på Efrem forlag. Eskil Skjeldal og Ronny Spaans har sluttført arbeidet, og resultatet vil kanskje overraske dei som trudde dei kjente Harams penn frå før. Babylonsk harpe er ei nydeleg og kjenslevar diktsamling, ein tidlaus pust inn i den norske samtidslyrikken.

Sørgjepil. Allereie tittelen på samlinga gir eit vell av assosiasjonar. Harpa er det eldste strenginstrumentet vi kjenner, ein forløpar for lyra, som har gitt namnet til sjangeren lyrikk. Slik peiker altså diktsamlinga på seg sjølv som poesi, eit grep som er både godt og velkjent i lyrikkhistoria.

At det er ei babylonsk harpe det er tale om her, leier tankane i retning av Salme 137: «Ved elvane i Babel sat vi og gret når vi tenkte på Sion. / Vi hengde lyrene opp i piletrea.» Treet som på norsk har fått namnet sørgjepil eller tårepil, heiter på latin «Salix babylonica pendula», noko som dannar utgangspunkt og dobbel botn for diktsamlinga. Arnfinn Haram skriv mange av dikta sine i tårer, og når eg les dei, blir eg fyld av tårer for ein mann som vart så tidleg borte. Sørgjepila er nettopp kjenneteikna av eit altfor kort liv, på mellom 40 og 75 år. Arnfinn Haram vart 63.

Tydeleg kvalitet. Kva er det som gjer dikta hans så gode? Mange av dei er enkle, slik Jon Fosse også kan vere enkel og innhaldsrik på same tid. Andre dikt er fulle av latinske uttrykk, og kan minne om poesien til Arnold Eidslott. Eg skal ikkje sette Haram på same pidestall som desse, men meiner at det finst ein tydeleg kvalitet i Babylonsk harpe. Kombinasjonen av slåande bilete, djup tenking og særeigen livspraksis etablerer poeten som sjåar. Med diktinga si maktar han å vise oss lengt, vise oss einsemd, vise oss kjærleik, vise oss Gud.

Lett og stille

står du i døra

eit ljos

ein ange

eit vinddrag

frå den andre verda

går før deg

fylgjer etter deg

Ave!

djupt bøyer eg meg

samlar alt i eitt punkt

andlet

mot andlet

står vi

alt er mogeleg no

Det siterte diktet, som opnar samlinga, heiter «Angelus». Angelus-bøna, som både er vanleg i Den katolske kyrkja og er teken vare på i Den norske kyrkja som tre gonger tre klokkeslag, har opphav i engelens bodskap til jomfru Maria. Vi blir med andre ord inviterte med til mysteriet, til bøna, til inkarnasjonen.

Harams stemme er likevel ikkje stemma til ein prest eller forkynnar. Andlet til andlet, kanskje med Gud, men først og fremst med menneske, går han ope og ærleg inn i både sorga og gleda. Poeten kjenner både pilene og broddane i kjøtet, han kjenner den stille gråten inni seg, og tårene som vellar fram frå dei indre kjelder. Samtidig ser han at «smilen over deg / er større / enn sorga / inni deg / Gråten sovnar til sist / smilen vaker / alltid».

Lengt etter nærleik. Poeten stiller spørsmål ved kvifor Gud har gjeve han eit hjarte som kan elske, men ingen å elske, «ikkje slik som hjarta mitt kan». Og han spør korleis han kan elske Gud, når Gud seier «noli me tangere» – det latinske uttrykket for «rør meg ikkje!», som Jesus sa til Maria Magdalena etter oppstoda. Gud viser til nærleiken i nattverden, brødet som hans eigen kropp, men poeten synest det er «for tynt, for kvitt». Han vil liste seg inn på Gud, for å sjå Guds hender, Guds føter, Guds bryst – der disippelen Johannes ein gong fekk smyge seg inntil.

...

har du ei hand, Domine

ei aldri så lita hand?

då skal eg tru deg

elske deg

ha nok

i deg

I desse dikta er Arnfinn Haram på sitt aller sterkaste. Tvilen og kampen går hand i hand med trua og livsgleda, som med ein dirrande atterklang av Guds nærvær.

Med Babylonsk harpe har bokhausten fått si store overrasking og sin vesle sensasjon. Knut Olav Åmås går i etterordet langt i å samanlikne Haram med Olav H. Hauge. Så langt vil eg ikkje trekke det, men gle meg over at Harams diktariske evner var på dette høge nivået.

Det siste diktet i samlinga heiter «Vesper», som blir eit flott minneord over Arnfinn Haram sjølv. Vesper er både ei kveldsbøn, og – i den katolske kyrkja – starten på feiringa av den kommande høgtida.

Å kveld

som gøymer alt

i di djupblå kappe

gøym meg også er du snill!

kvifor skal åsane

trea og markane

få krype under dyna di

og ikkje denne vesle kroppen

av angst

og lengsler?

også eg vil gå i eitt

med himlen

slik som du

gli inn i ei blå æve

av fred

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker