Bøker

Det litterære vårsleppet

Den som leitar, skal finne. Her er nokre av forfattarnamna du bør følgje med på i vår.

KOMMENTAR: Tyngdepunktet i det norske bokåret er framleis om hausten. Dei seinare åra har vi likevel sett ei viss forskyving mot sommar og vår. Dei neste månadane kjem det ut mykje interessant litteratur her til lands, både norsk og omsett.

Allereie no i januar kjem det ut tre bøker det kan vere verdt å få med seg. Den første er Jon Fosses diktsamling Stein til stein. 39 dikt og 1 salme (Samlaget), som er Fosses første tradisjonelle diktsamling på ti år. Her får vi også den første og einaste, ifølgje Fosse sjølv, salmen hans, «Nattsalme», som også er blitt teken inn i den nye salmeboka.

Den neste er Morten Øens diktsamling Så langt nattens hell (Oktober). Øen debuterte med diktsamlinga I grønnskyggene i 1990. Sidan har han skrive ei rekkje diktsamlingar, mens han dei ni siste åra har konsentrert seg om romanar.

I midten av januar kjem også Tor Åge Bringsværds nye roman, som kanskje har den beste tittelen i vår: Ikke fordi den har et svar, men fordi den har en sang (Cappelen Damm). Det kan også nemnast at filmen Karsten og Petra blir bestevenner, basert på Bringsværds bøker, kjem ein månad seinare.

Dyktig essayist. Espen Stuelands essaysamling Falsk tilståelse og andre essays (Oktober), kjem ut i månadsskiftet januar/februar. Stueland er ein av Noregs beste kritikarar og essayistar (i tillegg til å vere ein framifrå poet), og alt han jobbar med er verdt å følgje med på.

Fosse og Øen er nemnt, men det er fleire lyrikarar å gle seg til i vår. Tre spennande namn er ute med nye bøker i februar og mars: Kristin Berget med Hennes ansikt (Cappelen Damm), Henning H. Bergsvåg med Den engelske hagen (Gyldendal) og Hanne Bramness med Vekta av lyset (Cappelen Damm). Som ein bonus er jo Berget, Bergsvåg og Bramness poesi i seg sjølv. Slik Bergsvåg lenge hadde ein forkjærleik for titlar som byrja på «N» (Newfoundland (2000), Nattarbeid (2003), Nemesis (2007)).

Kresen stilist. Ein av dei beste norske forfattarane som burde vore betre kjent for ålmenta, er Jan Jakob Tønseth. Han er ikkje berre mannen bak trilogien om ekskommunisten Hilmar Iversen, men ein kresen stilist som burde vere folkelesing med novellesamlinga Von Aschenbachs fristelse. I mars er han aktuell med romanen Prosten (Cappelen Damm), ein av titlane eg ser mest fram til i vår.

Så kan vi også gle oss til ein todelt konseptroman av Karin Moe, Virkeligheten (Samlaget), som er på trappene i mai. Den sjangeroverskridande avantgardisten Moe har ikkje publisert skjønnlitterære bøker på lang tid, men trør no til på både bokmål og nynorsk, med ein hund som forteljar og ein humoristisk dystopi om språkutvikling.

Til våren kjem også Frode Saugestads roman En ung manns bekjennelser om kjærlighet (Kolon), ein ekstrembiografisk tekst som er ein montasje av blant anna YouTube-lenker, kortfilmar, private brev, intervjusitat og utskrifter frå ei farskapssak.

Andre norske bøker å merke seg i vår er Sigrid Merethe Hanssens første roman Sofia (Samlaget), som kjem i mars, Arild Vanges diktbok Improvisasjon person (Aschehoug) og Laura Djupviks roman Kvitt (Kolon). Dessutan er det 200-årsjubileum for Camilla Collett, med tilhøyrande biografi.

Løyser verdsproblem. Våren er også ei tid for dei omsette bøkene. I tida framover kjem ei rekkje av den beste litteraturen frå utlandet på norsk. Om kort tid kjem både amerikanske Jennifer Egans Black Box (Oktober) og finske Arto Paasilinnas Adam og Eva (Aschehoug). Sistnemnte roman har nok lite med Bibelens skapingssoge å gjere, men handlar om ein mislykka fyr som brått finn løysinga på verdas energiproblem. Egans kortroman handlar om ein ung amerikansk spion med venleik som kamuflasje – både uimotståeleg og usynleg, med andre ord.

I februar kjem Zadie Smiths kritikarroste roman NW (Aschehoug), der ho skildrar den nordvestre delen av London og undersøker det interessante spørsmålet om ein kan foreta ei klassereise og samtidig ta vare på identiteten sin. New Yorker-kritikaren James Wood skraut av denne boka i den kjente artikkelen nyleg der han trekte fram Karl Ove Knausgård og Per Petterson.

Andre bøker som kjem i februar er blant andre Lukas Moodyssons roman Tolv månader i skugga (Oktober), Richard Fords roman Canada (Oktober) og Ian McEwans roman Serena (Gyldendal). I slutten av februar kjem boka Air Mail (Flamme Forlag), med brevvekslinga mellom svenske Tomas Tranströmer og amerikanske Robert Bly. Dei to poetane samtalte i brevform frå 1964 til 1990, og breva kastar nytt lys over Tranströmers poesi.

Okkupasjon. I mars kjem finsk-estiske Sofi Oksanens roman Da duene forsvant (Oktober) på norsk. Oksanen fekk Nordisk Råds litteraturpris for romanen Utrenskning i 2010. Den nye boka, som kom på originalspråket i fjor, handlar om okkupasjon og motstand i Estland under og etter andre verdskrigen.

Andre omsette bøker det er verdt å få med seg i vår, er Jonathan Franzens essaysamling Lenger unna (Cappelen Damm), Patti Smiths diktsamling Sanka ull (Samlaget), Naja Marie Aidts roman Stein saks papir (Gyldendal) og ikkje minst Paul Austers og J.M. Coetzees brevbok Her og nå (Aschehoug), som alle kjem på norsk i mai. I tillegg kjem det norske gjendiktingar av både Juvenal, Rainer Maria Rilke og Wislawa Szymborska.

Plath-biografi. Om vi rettar blikket utanlands, er det endå nye namn å følgje med på. Carl Rollysons biografi om den amerikanske forfattaren Sylvia Plath, American Isis. The life and Art of Sylvia Plath (St. Martin's Press), kjem ut i slutten av januar. Dette er den første biografien som brukar material frå arkivet til mannen (og diktaren) Ted Hughes.

Therese Anne Fowlers Z (St. Martin's Press) er ei fiksjonalisert forteljing om Zelda og F. Scott Fitzgerald og kjem ut i mars. Samtidig kjem også Anne Carsons Red doc> (Knopf). Carson er blitt trekt fram av fleire litteratar også her i Noreg i det siste. Ho går for å vere ein av dei beste kanadiske eksperimentelle forfattarane.

Beste ukjente. James Salter blir av Huffington Post kalla den «kanskje beste levande amerikanske forfattarane som folk flest ikkje har høyrt om». 87-åringen er aktuell med det som visstnok er ei elegant kjærleikshistorie, All That Is (Knopf), i april.

Så rundar vi av med to bøker i juni, nemleg irske Colum McCanns TransAtlantic (Random House) og britiske Neil Gaimans The Ocean At The End Of The Lane (William Morrow). Sistnemnte handlar om vesen frå ei anna verd enn vår, i god Gaiman-tradisjon, mens McCanns roman undersøker den fine linja mellom røynd og fantasi.

Mange av desse bøkene skal vi komme attende til etter kvart her i avisa. Det ligg an til ein interessant lesevår.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker