Nyheter

Dag Solstad om liv, litteratur og Guds eksistens

Solstad snakkar både utprøvande, velformulert og uhyre interessant i samtale med Alf van der Hagen.

KOMMENTAR: Blant mange gode forfattarar i Noreg står Dag Solstad som ein av dei beste. Kanskje den beste, sjølv om det på mange måtar er tull å operere med slike termar i litteraturen. Det som er sikkert, er at det er umogleg å komme utanom forfattaren som kollegaen Arne Berggren for nokre år sidan kritiserte for å bygge merkevare ved å buste til håret og opptre som «norsk samtidslitteraturs 7-Eleven».
Berggrens kritikk fall stort sett på steingrunn. Solstads forfattarskap står som referanse både for eit lesande folk og for yngre forfattarkollegaer. Når Vigdis Hjorth for ei veke sidan tok imot Kritikarprisen for romanen Leve posthornet!, var det fleire som hadde påpeikt korleis ho skriv i tradisjonen etter Solstad. Det finst fleire enn Solstad som har sin eigen tradisjon, men få som matchar posisjonen hans som stabil premissleverandør for litterær kvalitet.

Tiår for tiår. Alf van der Hagen går rett nok nokså langt i etterordet til samtaleboka Dag Solstad. Uskrevne memoarer, som vart lansert i Aschehougs villa i Oslo i går. Der nemner han Solstad i same andedrag som Henrik Ibsen, Knut Hamsun og Edvard Munch. «At Dag Solstad i dag må regnes som Norges største nålevende forfatter, er ubestridelig.» Vi forstår altså at van der Hagen er meir enn velvillig innstilt til samtalepartnaren sin.
Er det eit problem? I liten grad. Den nesten 500 sider lange samtalen er ikkje bygd opp rundt konfliktstoff, men er ein kronologisk gjennomgang av liv og forfattarskap, tiår for tiår. Berre eit par gonger får eg kjensla av at van der Hagen har vegra seg for å trø Solstad for nært inn på privatlivet, som når forfattaren på side 104 fortel om den første kjærasten sin. Korleis er det mogleg å følgje opp skildringa av kyssing og stemnemøte med spørsmålet: «Begynte du å røyke tidlig?»

Får Solstad i tale. Det er likevel litt slemt å trekke fram slike bagatellar, for det som først og fremst kjenneteiknar Alf van der Hagen som intervjuar, er ei imponerande evne til å – som det heiter på journalistspråket – få intervjuobjektet i tale. Det dialogmeisteren van der Hagen driv med, ligg i skjeringspunktet mellom samtale og litteratur, mellom journalistikk og kunst. Han legg ut ei rekkje trådar som Solstad villig plukkar opp og følgjer vidare, og sam-talen fører ofte til nye og interessante utsegn frå Solstads side, som den eg har brukt i tittelen: «Romanen er en andakt.» Akkurat dette kunne eg godt ha tenkt meg endå meir utdjupa – utover at romanen er meir enn eit frirom frå verda, meir enn eit pustehol – men det er minimalt med pludder i det som er blitt ei svært informativ bok om Solstads tenking og forfattarskap.

Imponerer. I møte mellom to store kunstnarsinn er det jo Solstad som er hovudpersonen i denne boka, om enn han insisterer aldri så mykje på at han trivst best som biperson. Og Solstad imponerer, visst gjer han det! Ikkje minst for dei som måtte tru at han knapt har lirt av seg ei heilsetning i munnlege samanhengar. Resonnementa er skarpe og vittige, nesten aldri sjølvsagte.
Solstad fortel interessant om konfirmasjonen til mormora, og om morfaren som var emissær i Indremisjonen. Farmora gjekk på pinsemøte i Tønsberg saman med tanta. Og ikkje minst var Solstads far religiøs. Faren døydde berre nokre dagar etter Hallesbys berømte helvetestale på radio, men talen hadde ikkje skremt han i det heile. Tvert om hadde faren gledd seg over dei rasande artiklane Dagbladet no kom til å måtte skrive.

Guds eksistens. Solstad og van der Hagen kjem ofte inn på spørsmål av religiøs art, anten det handlar om Solstads oppvekst med barnebibel, søndagsskule og barneteater i Indremisjonen, eller diskusjonar om Guds eksistens. Solstad seier at han aldri har sett på seg sjølv som ein truande, eller som ein kristen, og at han aldri har hatt ei barnetru i naiv forstand. «Jeg har aldri tenkt at det var helt umulig at Gud kunne eksistere. Men jeg kom til at sannsynligheten var såpass liten at jeg ikke ville satse på det,» seier Solstad. Han ønskjer ikkje å vere ein del av eit kristent fellesskap, men han har aldri meldt seg ut av statskyrkja – han har tvert imot gifta seg i kyrkja, med Therese Bjørneboe.
Samtalen om desse spørsmåla er blant det mest interessante i boka. Solstad reagerte blant anna på at nesten ingen kritikarar – heller ikkje i Vårt Land – diskuterte gudsomgrepet då han gav ut romanen Professor Andersens natt (1996). Solstad er for samtalar om Guds eksistens, sjølv om han personleg har «holdt Gud på en armlengdes avstand, og sikkert med god grunn.»

Ustyrteleg morosam. Også i dei største eksistensielle spørsmål kan Solstad vere ustyrteleg morosam, som når han skildrar den religiøse krisa han fekk då han forstod at ingen fotballag kunne rykke ned i himmelen.
Slik er Solstad. Han kan vere forbausande lett, men han er aldri ein lettvektar. Og det er hald i det når han seier at dersom vi ikkje bevarer den kristne kulturarven vår, fjernar vi «samtalen bakover».
Alf van der Hagens samtale med Dag Solstad er ein viktig samtale, både bakover og framover. Dette er godt stoff, til glede for alle som har interesse for Solstads bøker. Og det burde vere mange.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter