Film

Brennaktuelt filmkyss frå sør

Stor festivalsatsing på filmar frå Midtausten.

Den største filmfestivalen i Oslo, Film fra Sør, går føre seg 6. – 16. oktober. På programmet står nittini filmar frå Afrika, Asia, Midtausten og Latin-Amerika. Blant høgdepunkta er fleire prisvinnande filmar frå Midtausten og Iran, og ei rekkje sjangerfilmar frå heile verda.

Opningsfilmen er libanesiske Nadine Labakis Where do we go now?, vinnaren av publikumsprisen på årets filmfestival i Toronto. I hovudprogrammet er også iranske Nader and Simin, som vann Gullbjørnen i Berlin tidlegare i år, og tyrkiske Once Upon a Time in Anatolia, som fekk juryens spesialpris i Cannes. Andre prisvinnande godbitar er iranske Circumstance, fransk-iranske Certified Copy og egyptiske Microphone.

- Midtausten er brennaktuelt no, og difor har vi vald å satse spesielt på gjestar og filmar frå regionen på årets festival, seier kunstnarisk leiar i Film fra Sør, Lasse Skagen, i ei pressemelding.

- Årets filmkyss frå sør er ein invitasjon til å oppleve humor, horror, drama, action og romantikk frå Buenos Aires i vest til Beijing i øst.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film