Kultur

August Strindbergs okkulte krise

Han ofra litteraturen, helsa og ekteskapet. Alt for å lage gull.

Den 14. mai er den hundre år sidan August Strindberg døydde – den svenske forfattaren som nyskapte både det svenske språket og det europeiske dramaet. Strindbergs liv var i seg sjølv eit dramastykke. Forfattaren av meisterverk som Ett drömspel og Till Damaskus I-III var på eit tidspunkt heilt uinteressert i å skrive litteratur. I staden ville han bli vitskapsmann. Og det var ein ting han ville mest av alt. Strindberg var besett av tanken på å lage gull.

Alkymi kallar vi det, gullmakarkunsten, ein okkult «kunnskap» som går attende til den mytiske oldtidsegyptaren Hermes Trismegistus. At det skulle vere mogleg å lage gull, gjerne av bly, var ein tanke som stod sterkt langt utover i mellomalderen. Mange av alkymistane la grunnlaget for det vi i dag tenker på som moderne kjemi.

Opplysingstida tok likevel ikkje fullstendig knekken på alkymien. I det heile var det stor interesse for okkult vitskap, og Sentral-Europa såg ei form for okkult «vekking» på slutten av 1800-talet. Då Strindberg flytta via Berlin til Paris på midten av 1890-talet, fanst det tusenvis av menneske som såg på alkymien som den nye vitskapen – og okkultismen som den nye religionen. Den svenske forfattaren var neppe åleine då han kjente ei sterk dragning mot dei okkulte ideane som rykte nærmare inn på kroppen.

Gull på hotellet. Strindberg valde å gå for gull. Bak seg hadde han to havarerte ekteskap. Var mannen i krise? Sjølvsagt, men dei lærde strider framleis om korleis. På denne tida skriv han dagboka han gir tittelen Ockulta dagboken. Han har flytta inn i eit rom ved Hôtel Orfila, staden der dei alkymistiske forsøka hans skulle nå ein klimaks. Kva er det han driv med her? Strindberg har ambisjonar å endre heile det naturvitskaplege verdsbiletet. Inne på hotellrommet sitt eksperimenterer han blant anna med svovel og jern, som skal kunne emulgere og danne gull. Seinare skriv han i eit brev til ein teosofisk støttespelar at han kjenner seg kalla til å bli «okkultismens Zola» (jf. den store franske forfattaren).

Strindberg vart latterleggjort av seriøse vitskapsfolk. Han vart også fråteken plassen sin ved det prestisjetunge Sorbonne-universitetet etter berre 14 dagar – så kort tid trong dei på å forstå at den svenske «vitskapsmannen» var ein sjarlatan. Men mykje av kunnskapen vi i dag tek for gitt, var temmeleg ny i 1895. Det periodiske systemet vart «oppdaga» berre 26 år før, av russaren Dimitrij Ivanovitsj Mendelejev. Som mange andre trudde Strindberg at eitt grunnstoff kunne «transmutere» til eit anna, og at det gjekk an å framstille eit grunnstoff ved å blande andre stoff som ga den rette atomvekta.

Rein kjemi, med andre ord. Strindberg var støytt over at han ikkje vart teken seriøst i tunge vitskapelege krinsar. Utan talarstol var han derimot ikkje, og fekk publisert artiklar i ei viktig, fransk avis som Le Figaro.

Nevrotisk jakt. Det er likevel tydeleg at Strindberg vart meir og meir nevrotisk i den intense gulljakta si. Til dømes blir han lagt inn på sjukehus, forbrent som følgje av eksperiment utan verneutstyr. Trass dette held han fram med svoveleksperiment på sjukehusapoteket! Strindberg ofrar alt, utan å vinne større sigrar enn å få fram såkalla naregull, svovelkis – eit hardt mineral som består av jern og svovel og ser gullskimrande ut. Direkte galen verkar han når han leverer «gullbevis» på ein mansjettknapp, og oppfordrar komiteen om å bruke sigarrøyk for å forsterke gullfargen på eit ark.

Alle avgassane på hotellrommet er openbert giftige og må ha utgjort ein vesentleg helserisiko. Sjølv skriv han at lungene er ramponerte, og at han har lammingar. I tillegg «ser» han skapnader og former i alt frå valnøtter til solsikkestenglar – til dømes to små hender, løfta og falda som til bøn. Det religiøse aspektet er ikkje overraskande. Denne perioden i Strindbergs liv blir gjerne kalla for Infernokrisa. I boka Inferno, som han skreiv i 1897, skildrar han korleis han til slutt les i Bibelen og kjem i tvil om sine vitskapelege eksperiment. «Om det er dårskap, akk! da har jeg ofret mitt livs lykke; og min kones og mine barns for en illusjon.»

Brennhug for vitskapen. Forfattaren Espen Stueland er ein av dei som har interessert seg for alkymiepoken i August Strindbergs liv. Han har tidlegare skrive eit essay i tidsskriftet Kraftsentrum om dei naturvitskaplege skriftene som nesten ikkje blir lest i dag.

– Strindberg hadde eit brennande ønskje om å bidra med noko som vitskapen enno ikkje hadde komme fram til, seier Stueland til Vårt Land.

Samtidig hadde ikkje forfattaren eit syn på vitskap som eit kollektiv der ein står på skuldrene til kvarandre.

– Han kjem inn i vitskapen med genitankegangen, at geniet kan endevende eit forskingsfelt fullstendig. Strindbergs bilete av ein vitskapsmann er ein som står utanfor fellesskapet, seier Stueland.

Eit døme på korleis Strindberg kunne blande ulike disiplinar, er måten han sette røntgen-forskinga i samband med Emanuel Swedenborgs tankar om gjennomskinnelegdom hjå englar.

– Frå røntgen til transcendens?

– Nettopp. På eit par setningar, heilt utan å skilje, eller å vere klar over kor uvitskapeleg det er. Strindberg forskar og forskar, men ser ikkje opp. Så møtte han då også enorm motstand.

Diktarens metode. – Det kan verke som om Strindberg tok med seg diktarens metode inn i vitskapen? Slik diktaren ser samanhengar og samanstiller ulike ting, såg også Strindberg nye samanhengar i vitskapen?

– Ja, han var veldig oppteken av likskapar i forskjellige forskingsområde som botanikk, zoologi, astronomi, alt mogleg. Han kunne samanlikne plantefibrane han studerte i eit mikroskop med strukturen i noko heilt anna. For han betydde likskapane han såg i og utanfor mikroskopet uendeleg mykje, det var enormt interessant for han. Det kan vere underhaldande, men også utmattande.

– Kva seier det om Strindberg at han med eit pennestrøk kutta ut litteraturen og satsa alt på alkymi og kvasi-vitskap?

– Eg beundrar det veldig. Det vitnar om at han hadde evna til å gå sterkt opp i noko og ikkje forlate det før han synest han har funne eit svar. Han hadde eit enormt vitebegjær. Og han opplever seg sjølv som eit menneske heilt utan avgrensingar. Det er ingenting han tenker at han ikkje forstår. Ein slik tanke er heilt framand for han. Slike menneske er både fascinerande og skremmande! Strindberg hadde veldig stor evne til å sette seg inn i ting, samtidig som han var ein superdilettant.

Strid om galenskap. Stueland meiner det er godt å vite at Strindberg kom seg ut av den alkymistiske perioden til slutt. Kor vidt han var gal eller ikkje i denne perioden, er det ulike meiningar om. Olof Lagercrantz normaliserer Strindberg i sin biografi, mens andre har diagnostisert han som sinnssjuk. Ei bok som Ulf Olssons Jag blir galen går igjennom ulike Strindberg-diagnosar gjennom tidene med eit kritisk blikk.

– Kva var det som gjorde deg interessert i denne sida av Strindberg?

– Eg blei fascinert av heile sjølvbiletet hans. Strindberg er interessant som forfattar når han ikkje ønskjer å vere forfattar. Sjølvsagt er han mest kjent for dramatikken, men det er den megalomane innsatsen hans for å sette seg inn i nye ting eg har merka meg ved. Slike forfattarar finst ikkje lenger i dag, dei blir korrigerte, seier Espen Stueland.

Så langt August Strindbergs okkulte krise. Likevel kan ein kanskje seie at Strindberg lukkast i sitt alkymistiske forsett. For det er etter denne vanvittige perioden i Paris at Strindberg dreg heim att til Sverige og skriv sin kanskje aller beste verk – Till Damaskus og Et drömspel.

Så kanskje skulle vi avslutte denne vesle parentesen (for Strindbergs alkymi er trass alt ein parentes sett opp mot forfattarskapen hans) på følgjande vis: Strindbergs gull glimrar framleis, hundre år etter hans død.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur