Kultur

Apple seier nei til norsk teikneserie

Det norske selskapet Oxicomics fekk beskjed frå Apple om at teikneserien deira, Wakan Unwanted, vert nekta plass i Apples App Store fordi den er «ekstremt rasistisk».

– Ein representant for Apple ringte meg. Vedkomande brukte uttrykk som inappropriate (upassande) og extremely racist (ekstremt rasistisk), seier prosjektleiar Morten F. Thomsen i Oxicomics til ITavisen.

Prøver på nytt. Teikneserien handlar om Clarius Cole, som er den siste svarte mannen i USA etter at alle andre slavar er sendt tilbake til Afrika. Han må kjempe seg gjennom eit hav av kvit rasisme og brutal kriminalitet.

– Apple-representanten og eg vart einige om at eg skulle sende dei ei meir utfyllande forklaring på kva serien eigentleg handlar om. Eg kan jo forstå at dei reagerte i ein amerikansk kontekst. Her brukast både n-ordet og andre kraftuttrykk, og slikt er jo amerikanarane veldig såre på, seier Thomsen. Oxicomics håper no at Apple endrar meining og slepp dei til i App Store.

Uakseptabelt. I avtalen alle som utviklar programvare for Apples mobile plattform må skrive under på, heiter det at Apple kan seie nei til innhald som selskapet vurderer som uakseptabelt, for eksempel innhald som kan oppfattast som «obskønt, pornografisk eller nedsettande.» Mark Fiore, den første nettjournalisten som vann Pulitzer-prisen, fekk beskjed om at hans karikaturteikningar var for drøye for Apple, sidan dei latterleggjorde offentlege personar. Den tyske avisa Stern måtte sladde bilete etter at Apple fant dei lettkledde side tre modellane uakseptable.

Ikkje ulovleg. Måndag tapte Apple ei rettssak som gjaldt tilgang til andre apps på iPhone. Fleire brukarar har brukt metoden «jailbreaking» for å laste ned apps til telefonen sin som Apple ikkje godtok. No vart det slått fast at det ikkje var ulovleg. Men det er venta at dette berre er første steg i ein lang rettsprosess.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur