Ynskjer gratis langtidsprevensjon
– Ein p-stav varer i mange år. Ein p-pille er lett å gløyme, seier KrFs Olaug Bollestad.
– Målet for KrF er at langtidsprevensjon skal vere gratis, seier stortingsrepresentant Olaug Bollestad.
Erlend Berge
Fredag skriv Vårt Land om ein ny rapport, som viser at nesten fire av ti kvinner som søker abort, har brukt prevensjon. Forskarane bak rapporten meiner langtidsprevensjon, som er sikrare, kan bidra til å senke aborttala. Det meiner stortingsrepresentant for KrF, Olaug Bollestad, er svært interessant.
LES MER: Søker abort fordi prevensjonen svikter
– Det var akkurat denne problemstillinga vi ynskte å imøtegå i vår då vi foreslo gratis langtidsprevensjon til dei mellom 20 og 24 år tidlegare i år. I dag er denne prevensjonen subsidiert fram til fylte 20 år, men vi ynskjer altså å utvide dette, forklarar ho, og legg til: