Vil flagge for Israel på kommunal flaggstong
Frp-politikar og bedehusmann Odd Gunnar Tveit meiner det israelske flagget må få vaie på flaggstonga til Birkenes kommune 14. mai. Israels vener på Stortinget stør ønskje.
14. mai er det 70 år sidan David Ben-Gurion, landets første statsminister, erklærte Israel for ein jødisk, uavhengig og sjølvstendig stat. Dette flagget vaiar over gamlebyen i Jerusalem.
Bernat Armangue/NTB scanpix
– Israel er eit spesielt land, så vi må kunne vere med å markere at landet er 70 år den 14. mai, seier Tveit. Han sit i Birkenes kommunestyre for Framstegspartiet.
Om vel to veker rundar staten Israel 70 år. 14. mai 1948 erklærte David Ben-Gurion, landets første statsminister, Israel som ein sjølvstendig stat.
Den ferske nasjonen valde eit flagg der ei davidsstjerne blei plassert midt på eit jødisk bøneskjerf. Det er dette flagget lokalpolitikaren frå Aust-Agder vil heise på kommunens offisielle flaggstong.
Bestill abonnement her
KJØP