Verden

Egypt: 76 såra og 335 med utanlandsk pass sloppe inn i Egypt frå Gaza

GAZA: 76 såra menneske og over 335 personar med utanlandsk pass har fått komme inn i Egypt frå Gazastripa onsdag, opplyser ein egyptisk tenestemann.

Onsdag er første gongen sidan krigen mellom Israel og Hamas braut ut 7. oktober at utanlandske borgarar på Gazastripa har fått forlate området gjennom grenseovergangen Rafah.

Ingen norske er blant utlendingane som slapp ut onsdag, etter det Utanriksdepartementet veit.

I tillegg har 76 såra vorte evakuerte til Egypt, opplyser ein egyptisk tenestemann ifølgje AFP.

Generalsekretær Raed-Abdel Nasser i Egypts Røde Halvmåne sa tidlegare på ettermiddag at det er venta at 525 menneske skal få forlate Gaza i løpet av onsdagen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verden