Verden

Sanna Marin vil trekkje seg frå nasjonalforsamlinga

FINLAND: Finlands tidlegare statsminister Sanna Marin ønskjer å trekkje seg frå nasjonalforsamlinga etter å ha fått ei stilling ved Tony Blair Institute.

Instituttet er basert i London og opererer i meir enn 30 land. Det har som formål å gi råd til regjeringar og politiske leiarar i politiske spørsmål.

– Det er ei stor ære, og eg er spent på å gå inn i den nye rolla. Eg trur også at det kan komme heile Finland til gode, sa Marin på ein pressekonferanse i 13.30-tida torsdag, ifølgje Hufvudstadsbladet.

Sanna Marin var Finlands statsminister frå 2019 til juni i år. Etter å ha tapt valet i vår, varsla ho at ho kom til å trekkje seg som leiar for det sosialdemokratiske partiet SDP.

Den tidlegare parlamentariske leiaren Antti Lindtman overtok partileiarjobben 1. september.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verden