Verden

Paris med storskjermboikott under Qatar-VM

VM: Paris har bestemt seg for ikkje å vise kampar frå fotball-VM i Qatar på storskjermar med supportersoner på offentlege stader. Fleire byar er med i boikotten.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Årsaka er bekymringa rundt rettsbrot overfor migrantarbeidarar og miljøpåverknaden turneringa i Qatar har.

– Det er eit problem med miljøpåverknaden, sa viseordførar Pierre Rabadan i Paris til den franske radiostasjonen France Bleu Paris.

– Forholda som desse anlegga har vorte bygd under, må også setjast spørsmålsteikn ved, la han til.

Fotballklubben i byen Paris Saint-Germain er eigd av det statlege selskapet Qatar Sports Investments.

– Vi har eit konstruktivt forhold med klubben, men det hindrar oss ikkje i å seie frå når vi er usamde, sa Rabadan.

Fleire franske byar har sett foten ned for å setje opp skjermar som skal vise meisterskapen i Qatar. Blant dei er Bordeaux, Lille, Strasbourg og Reims.

Miljøaktivistar i Frankrike har også støtta å avlyse supportersoner fordi det vil bruke energi som landet har lagra for vinteren.

Annonse
Annonse

Mer fra: Verden