Verden

Kvantefysikarar får nobelpris

NOBELPRIS: Franske Alain Aspect, amerikanske John F. Clauser og austerrikske Anton Zeilinger deler nobelprisen i fysikk for arbeidet deira med kvanteinformasjon.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Det kunngjorde Hans Ellegren ved Kungliga Vetenskapsakademien tysdag.

Prisen går til trioen for deira «eksperiment med samanfletta foton som påviste brot mot Bell-ulikskapar og bana veg for kvanteinformasjonvitskap», heiter det i kunngjeringa frå Kungliga Vetenskapsakademien.

– Alain Aspect, John Clauser og Anton Zeilinger har kvar og ein gjort banebrytande eksperiment med samanfletta kvantetilstandar, der to partiklar høyrer saman i ei eining også når dei er skilde. Med resultata sine har dei bana vegen for ny teknologi bygd på kvanteinformasjon.

Annonse
Annonse

Mer fra: Verden