Verden

Den britiske regjeringa skrinlegg omstridd skattegrep

Den britiske regjeringa trekkjer eit kontroversielt forslag om kutt av toppskatt, berre ti dagar etter at planen vart kunngjord.

I ein oppsiktsvekkjande snuoperasjon skriv finansminister Kwasi Kwarteng på Twitter at skatteforslaget har vorte eit forstyrrande element i arbeidet regjeringa er i gang med for å handtere dei overordna utfordringane i landet.

– Vi har fått med oss poenget i kritikken, og som ei følgje av dette, kunngjer eg at vi ikkje gjennomfører desse kutta, skriv han.

For ti dagar sidan la regjeringa fram eit budsjettutkast som mellom anna foreslo å kutte toppskatten på 45 prosent for dei som tener over 1,8 millionar kroner. Forslaget har hausta mykje kritikk, både internt i partiet og hos opposisjonen.

Dei konservative held i desse dagar landsmøtet sitt, der fleire ministrar i den tidlegare regjeringa til Boris Johnson gjekk sterkt imot forslaget som Kwarteng la fram 23. september.

Det såkalla minibudsjettet vart dårleg teke imot i marknaden, og pundet stupte til eit nivå det aldri tidlegare har hatt i forhold til dollar. Utkastet inkluderte ein frys i energirekningane for privatpersonar og næringslivet for å dempe dei negative følgja av at Russland kuttar i gasseksporten til EU og Europa.

Statsminister Liz Truss forsvarte skattegrepet så seint som i helga. Det gjorde også finansministeren i eit samandrag av landsmøtetalen som vart distribuert blant delegatane berre timar før Kwarteng etter planen skulle framføre han.

No vil det omstridde punktet om fjerning av toppskatt for dei rikaste bli fjerna frå skattepakken til regjeringa.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verden