Verden

Menneskerettsmiljøet fortvila over Telenor i Myanmar. – Skandale, seier ekspert

MYANMAR: Etter militærkuppet i Myanmar i fjor vil Telenor selje si mobilverksemda i landet. No fryktar mange at sensitiv mobildata for 18 millionar Telenor-kundar vil hamne i hendene til militærjuntaen.

Professor Kristian Stokke UiO

– Eg har ikkje lett for å ty til sterke ord, men dette er ein skandale.

Det seier Myanmar-ekspert Kristian Stokke. Han er professor i samfunnsgeografi ved Universitet i Oslo, og har i mange år vore styreleiar for Den norske Burmakomitéen.

Det som får han til å reagere så sterkt, er at Telenor no er i ferd med å selje heile mobilverksemda si i Myanmar til eit konglomerat som ifølgje uavhengige myanmarske medium er kontrollert av militærjuntaen i landet.

Med i salet følgjer brukardata for selskapet sine 18 millionar kundar. Fleire sivilsamfunnsaktørar seier at dei fryktar desse dataane kan brukast til å kartlegge aktiviteten til opposisjonen i landet.

Den internasjonalt anerkjende menneskerettseksperten Hanne Sophie Greve uttalte nyleg til VG at Telenor med dette kan vere medansvarlege i brotsverk mot menneskeslekta.

Blodig kupp

Militærjuntaen i Myanmar tok makta i landet gjennom eit blodig kupp i februar 2021, i etterkant av eit lovleg val der partiet til tidlegare fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi vann ein klar siger. Det er godt dokumentert at det illegitime militærregimet har nytta vald, drap og undertrykking som verkemiddel mot opposisjonen etter kuppet.

– I den situasjonen Myanmar er i, må teledata sjåast på som eit våpen, seier Kathrine Sund-Henriksen, dagleg leiar i Forum for utvikling og miljø (Forum) på organisasjonen sine nettsider.

Forum melde før helga Telenor til politiet for å ha brote lova om brotsverk mot menneskeslekta.

In this photo provided by the Karenni Nationalities Defense Force (KNDF), smokes and flames billow from vehicles in Hpruso township, Kayah state, Myanmar, Friday, Dec. 24, 2021. Myanmar government troops rounded up villagers, some believed to be women and children, fatally shot more than 30 and set the bodies on fire, a witness and other reports said Saturday. (KNDF via AP)

– Telenor burde tatt tapet

Kristian Stokke meiner det er lite sannsynleg at det er mogleg for Telenor å gjennomføre eit ansvarleg sal, slik situasjonen er no.

– Kva alternativ har Telenor til å selje?

– Dei må ta tapet, stengje ned aktiviteten og slette dataane.

Stokke understrekar at det økonomiske tapet vil vere lite for eit stort konsern som Telenor. Det er tidlegare rapportert at medan verksemda i Myanmar er verdsett til 5,2 milliardar kroner, så er salssummen berre 900 millionar. Selskapet Telenor har ifølgje E24 ein marknadsverdi på rundt 200 milliardar kroner.

– Dette vil kunne hefte veldig ved om dømet til Telenor som selskap. Å sette seg i den situasjonen Telenor gjer no framstår som ekstremt risikabelt, seier Stokke.

---

Myanmar

  • Var britisk koloni, uavhengig nasjon i 1948, tidlegare namn var Burma.
  • Generalane tok makta i eit kupp 1962.
  • Demokratiske val i 2015 og 2020, Aung San Suu Kyi sitt parti NLD vann begge.
  • 1. februar tok hæren på nytt makta i eit kupp, de facto statsminister Aung San Suu Kyi blei sett i husarrest, og er seinare blitt dømd til fengsel for blant anna brot på koronareglar.

---

Meiner forklaring berre er talepunkt

Telenor argumenterer blant anna med at dei må gjennomføre eit sal etter gjeldande lover og reguleringar i Myanmar for å beskytte eigne lokalt tilsette. Denne argumentasjonen meiner Stokke ikkje er truverdig.

– Telenor brukar dei same talepunkta om og om igjen. Men dei har ikkje sagt kva denne tryggleiksrisikoen for dei tilsette går ut på.

Stokke meiner at Telenor ved ikkje å delta i ein offentleg debatt om situasjonen i Myanmar, framstår som udemokratiske og ikkje heilt truverdige.

– Telenor snakkar om tryggleiken til sine 700 lokalt tilsette, men dei seier ingenting om tryggleiken til dei 18 millionar mobilkundane sine.

FILE - Myanmar's leader Aung San Suu Kyi makes an early voting for upcoming Nov. 8 general election at Union Election Commission office in Naypyitaw, Myanmar on Oct. 29, 2020. Suu Kyi is the daughter of the country’s independence hero, Gen. Aung San, who was assassinated in 1947, less than six months before the country, then called Burma, became independent from Britain. Suu Kyi moved to New Delhi in 1960 when her mother was appointed ambassador to India and then spent most of her young adult life in the United States and England. Her career in politics began in 1988. (AP Photo/Aung Shine Oo, File)

Anerkjenner regimet

Han er også kritisk til at Telenor viser til at dei følgjer lokalt lovverk.

– Eg oppfattar dette som eit forsøk på å skaffe seg juridisk ryggdekking. Myanmar er eitt av dei minst demokratiske landa i verda. Det er ingen land utanom Russland som har anerkjent juntaen som legitime styresmakter, og det finnast ingen rettsstat.

Stokke trur mange er skuffa over Telenor no.

– Det har vore ei oppfatning at Telenor har oppført seg ansvarleg i Myanmar, før kuppet. I året som er gått etter at juntaen tok makta har dei tilsynelatande ikkje gjort noko for å sikre verken kundar eller tilsette. Eg trur mange er overraska og sterkt skuffa over dette.

Han understrekar at i tillegg til å sette 18 millionar mobilkundar i fare, så bidreg Telenor no til at militæret får monopol på telekommunikasjon i Myanmar.

– Telenor bidreg til å styrke og gje legitimitet til eit ulovleg regime, ikkje minst gjennom å anerkjenne dei som regulatorisk myndigheit i landet, seier Stokke.

Anti-coup protesters fill up roads as they gather near the Mandalay Railway Station in Mandalay, Myanmar Monday, Feb. 22, 2021. (AP Photo)

Må stoppast

– Sånn som det er no, må salet stoppast, seier Ola Elvestuen. Han sit i utanrikskomiteen for Venstre og leier Myanmarnettverket på Stortinget.

Han viser til at staten er majoritetseigar i Telenor, og han har derfor retta eit spørsmål i Stortinget til næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

– Eg spør kva han vil gjere i dialog med selskapet for å stoppe dette salet. Her må statsråden vere heilt tydeleg. Lagra kundedata knytt til Telenor sin kundar i Myanmar må ikkje vere med i salet.

Han viser til at landet har ei legitim regjering i eksil (National Unity Government – NUG), utgått av fleirtalet i parlamentet etter det siste lovlege valet i landet.

I eit ope brev til Jonas Gahr Støre førre veke ber den fungerande presidenten for denne regjeringa, Duwa Lashi La, om at den norske regjeringa må instruere Telenor om å ignorere alle vedtak gjort av det illegitime militærregimet. Han seier at salet er uakseptabelt.

Telenor: Vi har vurdert alle alternativ

Kommunikasjonsdirektør i Telenor Gry Rohde Nordhus

Kommunikasjonsdirektør i Telenor Group Gry Rohde Nordhus har svara på ei rekke spørsmål frå Vårt Land på e-post.

Ho vil ikkje seie noko om når salet vil bli gjennomført, ut over at dei ventar på godkjenning av søknaden som er send til telekomregulatøren i Myanmar om sal av verksemda.

Ho seier vidare at dei har kome til at dei ikkje lenger kunne etterleve selskapet sine verdiar, internasjonal og norsk lov, og grunnleggande menneskerettar om dei blei i landet.

«Vi har grundig vurdert alle alternativer, og kommet til at et salg er den løsningen som er minst ufordelaktig for ansatte, kunder og samfunnet rundt», skriv Nordhus til Vårt Land.

Uaktuelt å bryte lokale lover

Om overføring av kundedata til ny eigar i selskapet, skriv ho:

«En forutsetning for å drive virksomheten, er at Telenor Myanmar overholder lover og lisensforpliktelser. Det innebærer å oppbevare kundedata og det må selskapet gjøre også når det skifter eier. Vi forstår at noen kan reagere på dette, men det er altså noe de er forpliktet til ved lov. Å bryte eller ikke etterleve de lovene som gjelder i Myanmar kan få helt uakseptable konsekvenser for våre medarbeidere som hverken Telenor Myanmar eller vi som eier kan leve med».

På spørsmål om kva som er blitt gjort for å sikre sensitive data etter kuppet, svarar Nordhus at alle kundedata i Telenor Myanmar blir lagra og handtert av Telenor Myanmar i tråd med det lokale lovverket og lisenskrav.

Ho skriv at selskapet har snudd kvar stein for å sjå om dei kunne halde fram som eigar i selskapet, men at dei etter press frå det nye regimet har kome til at dette ikkje er mogleg.

«Vi forstår media og andre aktørers ønske om åpenhet og debatt rundt avgjørelsen om å selge virksomheten i Myanmar. Samtidig håper vi det er forståelse for at situasjonen er langt fra svart/hvitt og at det ikke finnes enkle veier ut av dette.»





Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verden