Verden

Grunn
til glede 
i Guatemala?

I Guatemala har folk dansa i gatene av glede etter at presidenten blei avsett. Søndag vel dei ny ­statssjef som lovar ein betre kvardag.

Opptakten til presidentvalet har vore verre enn nokosinne. Først blei visepresidenten arrestert, mistenkt for korrupsjon. Så blei avtroppande president, Otto Perez Molina, plassert i varetekt. Ein domstol har avgjort at Molina ikkje får vere ein fri mann så lenge det er høyringar om hans rolle i korrupsjonsskandalen. Han er skulda for å vere leiaren for eit massivt og velorganisert opplegg der importørar har betalt store summar for å sleppe å betale endå større importavgifter.

Mislukka

Molina, som var yrkesoffiser under borgarkrigen, lova å rydde opp i valden, drapa og korrupsjonen i Guatemala då han blei valt til statssjef i 2011. Eit uttrykk for at han har mislukkast kapitalt, er dei mange drapa på menneskerettsaktivistar. Berre hittil i år er ni blitt drepne. Menneskerettsorganisasjonar fortel at arbeidsvilkåra er blitt kraftig forverra sidan Molina blei president. Eks-generalen har særleg militarisert – og brutalisert – politiet i Guatemala.

Dei mange åtaka rammar særleg aktivistar i område der urfolk og andre underprivilegerte står opp mot særleg gruvebygging. ­Viktig å nemne her er at Oljefondet er mellom eigarane av gruveselskapet Goldcorp, som har svært omstridde prosjekt i landet.

LES OGSÅ: Danser i gatene

Skjelv slo på lyset

Guatemala er eit land mange nordmenn har eit bankande hjarta for. Heilt ­sidan jordskjelvet i 1976 avdekka både naturskapte og menneskeskapte lidingar, er det blitt knytt sterke band mellom Norge og det pinte mellomamerikanske landet.

Jordskjelvet for snart 40 år sidan drap 22.000 guatemalanarar og gjorde ein million heimlause. Men skjelvet gjorde også verda merksam på ein av dei skitnaste krigane i Amerika. Urfolkstalsmenn kalla det «eit signa jordskjelv» for det retta lyskastarane mot nedslaktinga av sivile.

Molina som fredsagent

Norge var mellom dei fremste arkitektane i det hemmelege fredsarbeidet som kulminerte med ein fredsavtale i 1996. Ein av dei som blei invitert til Norge for opp­mjuking, var Molina.

Avtalen gjorde slutt på ein krig som byrja på 1960-talet; ein venstreorientert gerilja mot høgre­orienterte og sterkt militariserte regimer. Krigen nådde ein topp i 1982. Styresmaktene svarte med drepande undertrykking. Då freden kom, hadde minst 200.000 menneske døydd.

Med fredsavtalen på bordet byrja skiftande norske regjeringar å bla opp for Guatemala. Landet hadde fått hjelp til gjenoppbygginga etter jordskjelvet, men no blei dei store summane sendt til landet med enorme levekårskilnadar. Ved årsskiftet passerte den samla norske bistanden nesten 1,9 milliardar kroner.

Fire år før freden knytta Den Norske Nobelkomité andre sterke band mellom Norge og Guatemala. Fredsprisen i 1992 gjekk nemleg til Rigoberta Menchu som «anerkjennelse for hennes arbeid for sosial rettferdighet og etno-kulturell sameksistens fundert på respekt for urfolks rettigheter».

LES OGSÅ: Trakk Oljefondet ut av gruveselskapet som hentar ut sølv i Guatemala

Forsvann

Menchu, som kjem frå ein fattig mayafamilie, prøvde å bruke fredsprisen som plattform for ein politisk karriere. I 2007 prøvde fredsprisvinnaren å bli valt til president for ei nyskipa parti som skulle kjempe for rettane til urfolka i Guatemala. Med berre tre prosents oppslutning forsvann Menchu ut over sidelina.

Manuel Baldizón er favoritt søndagens val. Som mennene før han har Baldizón lova å rydde opp, berre han blir 
valt.

LES OGSÅ: Bisto Norge med å løse fredsfloke i Guatemala.

Favoritt

Baldizón har allereie vedgått at han ikkje veit skilnaden på mitt og ditt. I fjor blei det avdekka at delar av ei bok han gav ut var plagiat, akkurat som delar av doktorgraden han prydar seg med.

Det er ikkje sikkert folk dansar i gatene når landets neste president har fått styrt ei stund.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verden