Ventetid med mas og kav

– I ventetida har julebodskapen lett for å drukna i det materielle som tar fokuset vårt, skriv Ellen Nordtun.

Mens dagane fram mot jul fyk av stad, kan det fort bli mykje mas og kav. Det er så mykje som skal gjerast før jula skal ringast inn. Adventtida blir ofte ikkje den førebuingstida som me ønskjer den skulle vera, med ro og fred, og tid til å stansa opp. Fokuset blir ofte flytta vekk frå det viktigaste. I ventetida har julebodskapen lett for å drukna i det materielle som tar fokuset vårt.

Sjølv om teksten i davidssalma som er dagens bibelord, er mynta på ei heilt annan kvardag enn vår, har den likevel eit viktig bodskap til oss. Dei som ventar på Herren, skal arve landet, kan me lesa. Salma kan forståast ut frå israelsfolket sin heimkost frå Babylon. Landet dei reiste frå er i hendene på andre, som har overtatt eigedommar, forretningar og bustadar. Dei venta og lengta etter rettferd.

I denne krevjande situasjonen for israelsfolket heiter det at dei må venta på Herren. Stola på Herren og gjera det gode. Salma kallar til tru og von om rettferd, den gong for israelsfolket, men også til oss i dag.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP