– Vanleg at rasismedebatten sporer av

Fotballspelaren Mesut Özil sluttar på det tyske landslaget etter rasistisk behandling. – Reaksjonane er typiske avsporingar frå rasismedebatten, meiner Antirasistisk senter.

Mesut Özil har fått kritikk for at han meiner at kritikken mot han sjølv er rasistisk og diskriminerande. Forskar Cora Alexa Døving meiner det er eit vanleg ­problem at folk unngår å ­diskutere rasisme.
Publisert Sist oppdatert

«Eg er tysk når vi vinn, men eg er ein innvandrar når vi taper», skreiv den tyske fotballspelaren Mesut Özil i ei uttale på sosi­ale medier søndag. Der kunngjorde­ han at han ikkje vil spele på det tyske fotballandslaget, så lenge­ han opplever rasisme og respektlause haldningar frå det tyske fotballforbundet etter Tyskland sitt dårlege fotball-VM.

– Han har rett i å kalle det for rasisme etter behandlinga han har fått. Andre fotballspelarar har gjort liknande ting utan å bli hengt ut på den måten, og det var andre enn han som spelte dårleg i VM. Det er ei slagside som er ganske tydeleg, seier Mari Linløkken, nestleiar i Antirasistisk senter.

Rasismekortet

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP