Utnyttar kaoset
– jenter forsvinn
Nepal er storleverandør av jenter til sexindustrien i India. Jordskjelvet gjer barn og unge jenter ekstra sårbare.
Kvart år går det ein jamn straum av fattige barn og jenter frå Nepal til bordell i India. Her frå eit i Mumbai. Prostitusjonsindustrien i India etterspør jenter heilt ned i seks-sju år.
Rajanish Kakade/Reuters/NTB scanpix
– Situasjonen var ille før skjelvet. No får dei som har vonde planar det endå lettare, fortel Kristine Storesletten Sødal, fungerande generalsekretær i Strømmestiftelsen.
Lutfattige Nepal har i ei årrekkje sett at det årleg går ein jamn straum av barn og tenåringar til nabolandet i sør. India har ein stor prostitusjonsindustri som har ein umetteleg etterspurnad etter jenter frå fjellandet i nord. Dei yngste som forsvinn til India er heilt ned i seks-sju- årsalderen.
I følge UNICEF anslår myndigheitene i Nepal at kriminelle nettverk årleg sel mellom 12.000 og 15.000 tenåringsjenter til prostitusjon berre i nabolandet India. Det er også eit problem internt i Nepal. Barneprostitusjon er utbredt både ved massasjesalongar og i prostitusjonsstrøk, som finst i mange større byer i Nepal.