Utenriks

Forsvarsforskar: – Trump er dårleg nytt for Ukraina

UKRAINA: Donald Trump blir USA sin 47. president. Forsvarsforskar seier det er dårleg nytt for Ukraina, men at ingenting kan utelukkast med Trump som USAs president.

Donald Trump har vunne det amerikanske presidentvalet, og blir med det landet sin 47. president. Med Trump i Det kvite hus, er det usikkert kva som kjem til å skje med USA sin støtte til Ukraina.

Det er over to og eit halvt år sidan Russland gjennomførte ein storskala invasjon av nabolandet Ukraina. Sidan då har Russland erobra stadig større område i nabolandet.

Kva skjer no med den amerikanske støtta til landet? Og kva konsekvensar får det for Ukraina?

– Tre moglege scenario

– Det er ikkje godt nytt. Eg trur det er ei blanding av frykt og usikkerheit i Kyiv no. Usikkerheita er nok knytt til kor dårleg nytt det er. Eg tenkjer at det verste for Ukraina er dersom Trump kuttar støtta og ikkje gjer noko anna, seier Tor Bukkvoll.

Han er sjefsforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI).

Bukkvoll seier at dersom dette skjer, og Europa ikkje kompenserer nok, kan ein få eit gjennombrot på fronten og at Russland tek føre seg nye område. Dette trur han er eitt av tre moglege scenario.

– Dette er katastrofescenarioet, at Ukraina reelt mistar sitt sjølvstende, seier han.

Kan tvingast til bytehandel

Det nest verste scenarioet er at Trump tvingar Ukraina til ein bytehandel, som i praksis betyr at Russland får behalde det dei har teke, eller delar av dette, ifølgje Bukkvoll.

A building burns after Russian strike in Mykolaiv, Ukraine Tuesday, Oct. 15, 2024. (AP Photo/Marko Ivkov)

Sjølv om Trump har sagt at han vil stoppe krigen i Ukraina i løpet av 24 timar dersom han blir president, noko Bukkvoll trur peikar mot scenario nummer to, vil ikkje Bukkvoll utelukke at støtta held fram.

– Det siste scenarioet er at Trump reduserer noko, men held fram med ein del av støtta til Ukraina, og at Europa klarar å kompensere resten. Trump er så uføreseieleg at eg ser ikkje vekk frå dette siste scenarioet heller.

Forsvarsforskaren peikar på at ein heller ikkje må gløyme at det ikkje er uendelege med militære middel på Russland si side. Mangel på folk og utstyrslager som gradvis vert tømt, er bekymringar for Russland også, seier Bukkvoll.

Støtta frå USA er avgjerande

Mange land har støtta Ukraina i krigen mot Russland, og USA har vore ein av dei store bidragsytarane.

– USA gav den viktigaste støtta lenge. Det siste eg såg var at den var på rundt 40 prosent av støtta til Ukraina, så om den blir borte, er det snakk om ein vesentleg prosent, seier Bukkvoll.

I tillegg seier han det vil vere ei politiskpsykologisk sak dersom USA, som den mektigaste stormakta i verda, kan komme til å kutte støtta til Ukraina. Då trur han også Kreml vil få meir «blod på tann», og tenkje at «no er det ikkje vits å gje opp».

Ifølgje Bukkvoll er Russland optimistiske med Trump som president, men det er også ei viss usikkerheit. For dei veit også at Trump er uføreseieleg. Men, ein ting er sikkert, ifølgje forsvarseksperten:

– Kva USA og Trump vel å gjere, vil uansett påverke utfallet av krigen i Ukraina.

Støre trur Ukraina-støtte held fram

Vår eigen statsminister Jonas Gahr Støre var tidlegare i dag ute og sa han ikkje trur Trump som president vil kutte støtta til Ukraina.

Støre fekk spørsmål om dette i Politisk kvarter på NRK, og svaret hans lydde følgjande:

– For det første så trur eg ikkje det kjem til å skje. Eg trur det han vil oppdage, om han ikkje allereie ser det, er at dette er kompliserte samanhengar som det ikkje finst enkle løysingar til, sa Støre.

---

Krigen i Ukraina

  • Russland gjekk inn i Ukraina februar i 2022.
  • NATO-land har sanksjonert Russland, og bidratt med utstyr og våpen til Ukraina.
  • UNHCR meldte i 2023 at åtte millionar ukrainarar hadde flykta frå landet.
  • I august tok Ukraina kontroll over Kursk, eit landområde i Russland.

Kjelde: Store Norske Leksikon

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Utenriks