I ei fråsegn fredag krev utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim at Adré-grensen frå Tsjad blir opna for humanitært personell og forsyningar til Darfur.
– Dette er ei svært alvorleg svoltkrise som kan bli verre om det ikkje kjem inn meir hjelp raskt, seier Tvinnereim.
Ho legg til at Noreg kunngjorde støtte til humanitær innsats i Sudan under ein internasjonal konferanse i Paris i vår.
– Vi står klare til å auke støtta, seier ho. Noreg støttar mellom anna FNs matvareprogram sitt nødhjelpsarbeid i Sudan.
Hungersnød
Torsdag konkluderte ein rapport frå Integrated Food Security Phase Classification (IPC) med at flyktningleiren Zamzam i Nord-Darfur var ramma av hungersnød i juli.
Ifølgje Yale Humanitarian Research Lab har risikoen for kolera og andre vassborne sjukdommar også auka etter at flaumar fløymde over toalett og forureina vasskjelder i flyktningleiren denne veka.
Flyktningleiren for internt fordriven i Sudan er den største i landet, og hadde tidlegare rundt 300.000 bebuarar. I løpet av få veker har talet stige til rundt ein halv million på grunn av kampane i El-Fasher.
Ifølgje Tvinnreim opplever no 775.000 menneske i Sudan no ekstrem matmangel og underernæring, inkludert hungersnød.
– Dette er ei klassifisering som blir brukt relativt sjeldan, og beskriv derfor med all tyngd kor alvorleg situasjonen er, seier utviklingsministeren.
Mangel på tilgang
Utviklingsministeren ber om at FN og andre humanitære aktørar får uhindra tilgang til befolkninga, og seier at Noreg står klar til å auke den humanitære støtta til Sudan.
– Utan vedvarande og uhindra tilgang vil ikkje dei humanitære aktørane kunne hjelpe på langt nær heile befolkninga i nød, seier Tvinnereim.
Ifølgje IPC er hovudårsaka til hungersnøda i Zamzam-leiren konflikten i Sudan og mangelen på humanitær tilgang. Ifølgje FNs står over 25,6 millionar menneske i Sudan i fare for akutt svolt.
Begge sider i konflikten blir skulda for krigsbrotsverk, mellom anna målretta angrep på sivile og blokkering av humanitær hjelp.
Ifølgje FN-kontoret for koordinering av humanitær innsats (OCHA) manglar den humanitære responsplanen for Sudan over to tredelar av den nødvendige finansieringa.