– Skal vi klare å få fart på verdikjedene for mat i Afrika sør for Sahara slik vi ønskjer, så må bedriftene ha høve til å investere i seg sjølv. Først då kan det sanne potensialet til sektoren for fleire jobbar og ein styrkt mattryggleik vise seg, seier utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim i ei pressemelding frå Utanriksdepartementet (UD).
Små og mellomstore bedrifter innan matsektoren i Afrika slit med å få lån, då bankane ofte oppfattar dei som ulønnsame og risikable, opplyser UD. Klimaendringar aukar også risikoen for dårlege avlingar, som gjer det endå meir usikkert for bankane å gi lån til slike bedrifter.
Derfor investerer Norad no 100 millionar kroner i organisasjonen Aceli Africa som jobbar med bankane for å redusere risikoen ved å gi lån til mindre bedrifter. Organisasjonen opererer i Kenya, Uganda, Tanzania, Rwanda og Zambia.
Investeringa kan gi 4000 bedrifter tilgang til finansiering og vil ha ein positiv påverknad på nesten 700.000 småbønder, skriv UD.
– Vi kan skape meir utvikling for kvar bistandskrone vi bruker ved å bruke bistanden slik at små bedrifter kan vekse, seier Kristiansen Tvinnereim.