Al-Muhajir opplyser ikkje når eller kvar al-Hashemi vart drepen, men seier i ei talemelding på Telegram at det skjedde i kamp.
Abu Hasan al-Hashemi al-Qurashi vart i mars peika ut som den tredje leiaren sidan IS vart grunnlagd. Det skjedde etter at den tidlegare leiaren for ekstremistgruppa sprengde seg sjølv i lufta i februar for å unngå å bli teken til fange av amerikanske soldatar.
Det som er igjen av IS, har gått under jorda i Syria etter at dei mista siste resten av territoriet dei kontrollerte i mars 2019.
Abu al-Hussein al-Husseini al-Qurashi skal ha teke over som ny IS-leiar.