Utenriks

Rekordmange vil til EU via Vest-Afrika

Migrasjon: Talet på ulovlege kryssingar av EUs yttergrense er lågare enn i fjor, men det blir sett stadig nye rekordar på den vestafrikanske ruta via Kanariøyane.

Europa — Frå januar til november er det registrert 116.840 ulovlege grensekryssingar. Det er 8 prosent mindre enn i same periode i fjor, ifølgje EUs grensekontrollbyrå Frontex.

Førre månad kom 8.150 irregulære migrantar, som er Frontex' omgrep, til Kanariøyane via Vest-Afrika-ruta. Det er månadsrekord og nesten 16 gonger så mange som i november i fjor. Så langt i år har 19.600 personar komme denne vegen.

Ruta over det sentrale Middelhavet hadde ein auke på 61 prosent til 5.400 i november. Sidan januar er talet snautt 34.200, meir enn dobbelt så mange som i fjor.

Vest i Middelhavet er talet likevel halvert frå oktober til november og enda på 1.450. For årets elleve første månader er nedgangen på 29 prosent til 15 900.

I aust vart det oppdaga 750 ulovlege grensekryssingar over Middelhavet, under halvparten så mange som i oktober. Nedgangen på denne ruta er rundt 75 prosent frå i fjor, og totalen er 18.500 hittil i år.

Langs den siste hovudruta inn til EU, over Vest-Balkan, var nedgangen på 16 prosent frå oktober til november. For året så langt er det derimot meir enn ei dobling. Så langt har nesten 23.300 migrantar kryssa grensa ulovleg, 3.200 av dei i november.

(©NTB)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Utenriks