Une tapte nesten ein av to asylrettssaker
RETTSAVGJØRELSER: Utlendingsnemnda (Une) tapte nesten kvar andre asylrettssak i fjor.
VEDTAK: Avdelingsdirektør Ketil Larsen i Utlendingsnemnda seier nemnda må vurdere om dei fattar tydelege nok vedtak.
Une
– Medhaldsprosenten er ikkje heilt der me ønskjer, fortel avdelingsdirektør Ketil Larsen i Une.
Asylsøkjarar som får endeleg avslag i utlendingsforvaltninga, vel fleire gonger å gå til sak mot staten ved Utlendingsnemnda for å få kjent vedtaket ugyldig. Mange meiner dei har rett til å få opphald i Norge.
Sivilsakene startar i tingretten, og går i fleire tilfelle til lagmannsretten medan nokre få går heilt til topps i Høgsterett. I fjor fekk Une 53 rettskraftige dommar.